Semestre
REL151 Religion og livssyn I
Ingen
Religiøse og livssynsmessige overtydingar har betydning for korleis menneske tenkjer og handlar. I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med like overtydingar og tradisjonar lever saman, er derfor kunnskap om religionar og livssyn viktig. Men kva er religion og korleis uttrykkjer menneske religiøsiteten sin? I dette emnet drøftar ein desse spørsmåla. Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag.
Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152 Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn
- om mangfald, ulike retningar og uttryksmåtar i religionar og livssyn
- om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv
- om heilage skrifter i religionane
- om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn og korleis læring inn i slike praksisar skjer
- har kjennskap til ulike forståingar av religionsomgrepet og debattane om dette
- har kjennskap til nyare forsking- og utviklingsarbeid innan feltet og kan såleis oppdatere kunnskapen sin
- kan anvende religionsfaglege kunnskapar og forskingsresultat
- kan analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn
- kan finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn
- kan skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk
- kan formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg
- kan nytte relevante digitale verktøy
- har innsikt i relevante religionsfaglege og yrkesetiske problemstillingar
- har evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
- kan diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
- har grunnleggande digital kompetanse i faget og kan nytte denne til å oppdatere seg om aktuelle hendingar innanfor religions- pg livssynsområdet lokalt og globalt
Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas.
Frammøtekrav: Det er krav om 75% frammøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent følgjande arbeidskrav innan fastsette frister:
- arbeid med ei akademisk tekst på omlag 400 ord
- eit lesarinnlegg
- utkast til semesteroppgåva på omlag 1000 ord
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | Alle | 2500 ord (+/- 10%) |
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. |