Semestre

REL152 Religion og livssyn II

Emnekode: 
REL152
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Religion and Worldviews II
Emnenavn på bokmål: 
Religion og livssyn II
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. I dette emnet tek vi særleg føre oss heilage tekster frå dei abrahamittiske religionane jødedom, kristendom og islam. Emnet gjev innføring i eit utval tekster frå desse religionane. Vidare tek det føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere. Saman med REL151 Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen  
  • Om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur  
  • Om bruk av heilage skrifter i undervisning  
  • Om kristendommens historie og truslære  
  • Om grunnleggande etiske omgrep og teoriar  
  • Om eit utval av eldre og nyare filosofar  
  • Om religions- og livssynskritikk og vitskap  
Ferdigheiter
  • Kan bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke heilage tekster  
  • Kan drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt  
  • Kan vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert  
  • Kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag  
Generell kompetanse
  • Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk  
  • Har innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv  
  • Kan formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng  
  • Har grunnleggande digital kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.  

Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas. 

Det vert planlagt studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moské, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav til fastsette fristar:  

  •  Ei fagtekst på 1500 ord.
  •  Ei fagtekst på 1500 ord

Tema/oppgåveformulering for dei to tekstene vert gjeve av emneansvarleg. Eitt av dei to arbeidskrava skal etter godkjenning presenterast for medstudentane.  

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Per Halse
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Religion, kultur og samfunn 30 stp
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Eitt av arbeidskrava. Fagmiljøet avgjer kva for eit av dei to arbeidskrava som skal leverast til eksamen.
1500 ord (+/- 10 %)
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Godkjent av: 
Arne Myklebust