Semestre
REL152N Religion og livssyn II
Ingen
Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. Emnet gjev innføring i tekster frå jødedom, kristendom og islam. Vidare tek emnet føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere.
Saman med REL151N Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen
om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur
om bruk av heilage skrifter i undervisning
om kristendommens historie og truslære
om grunnleggande etiske omgrep og teoriar
om eit utval av eldre og nyare filosofar
om religions- og livssynskritikk og vitskap
kunne bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke gamle tekster
kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt
kunne vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert
kunne drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag
kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk
innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv
kunne formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng
grunnleggande digital kompetanse
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist.
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Heimeoppgåva skal ha mest vekt. | Mappa skal innehalde to delar: - Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/-10 %) og - Eitt av arbeidskrava (trekt på førehand). |