Semestre

REL154 Religion og samfunn

Emnekode: 
REL154
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Religionen sin plass i samfunnet er stadig under debatt. Men på kva måtar påverkar religion samfunnet? Bør religionen påverke samfunnet? Eller er det samfunnet som påverkar religionen? Dette er spørsmål som blir teke opp i emnet og diskutert i aktuelt og historisk perspektiv.  

Emnet vil også gi innføring i kva syn på samfunn som finst i religionane og kva det medfører. For å få innsikt i dette vil studiet presentere teoriar og modellar for korleis religion og samfunn grip inn i kvarandre, men også korleis tilhengarar av religionane sjølve forstår dette forholdet.  I emnet vil ein kome inn på historiske prosessar og aktuelle fenomen til dømes religion som politisk ideologi, religionens betydning for identitet og tilhøyrsle, religiøs pluralisme og aktuelle spenningar.  Sekularisering og sekularisme er også inkludert i emnet.   

Innhaldet i emnet vil vere relevant for fleire sektorar i det plurale samfunnet, til dømes skulesektoren, den kommunale sektoren og er dessutan viktig for å kunne forstå den generelle samfunnsdebatten. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Om ulike sentrale omgrep som religion, samfunn, pluralisme, politikk, og sekularisering 
  • Om sentrale bidragsytarar i forskinga på religion og samfunn, historisk og aktuelt  
  • Om religionens funksjon for individ og samfunn  
  • Om konkrete døme på religionspolitikk (til dømes sekularisme og det livssynsåpne samfunnet) og religion som politisk ideologi  
  • Om forholdet mellom religion og stat i Noreg med skulehistoria som døme   
  • Om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn som kjønn, det liberale dilemma, syn på det offentlege og religionsdialog  
Ferdigheiter
  • Til å analysere kritisk forholdet mellom religion og samfunn  
  • Til å samanlikne religionspolitiske ideologiar og praksisar lokalt og globalt  
  • Til å drøfte aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn  
Generell kompetanse
  • Bruke kunnskapar og ferdigheiter om forholdet mellom religion og samfunn som utgangspunkt for å forstå prosessar og dynamikkar i samfunnet generelt  
  • Til å kunne formidle kunnskapar skriftleg og munnleg   
  • Kunne bruke og vurdere kritisk ulike digitale kjelder aktuelle for emnet  
  • Evne til å nytte kunnskap og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdanning og yrke 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt.. 

 

Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale plattforma Canvas. 

I vårsemesteret tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moské, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 75% frammøte til undervisninga, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • eit utkast på 1000 ord  til semester-/eksamensoppgåva   
  • ein munnleg presentasjon innanfor eit av temaområda som ikkje er knytt til semesteroppgåva 
  • ein tekst på 1000 ord som utforskar ein aktuell situasjon eller eit aktuelt tema knytt til religion og livssyn i samtida.  
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Mathias Nygaard
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle
2500 ord
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust