Semestre

REL206 Spiritualitet før og no

Emnekode: 
REL206
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Spirituality - past and present
Emnenavn på bokmål: 
Spiritualitet før og no
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i RLE eller tilsvarande

Om emnet

Emnet skal gje kunnskap om kristen spiritualitet, med vekt på aktuelle spiritualitetsuttrykk.

Emnet består av 3 delemne:

Delemne 1: Kva er kristen spiritualitet? (prinsipiell del)

  • Kva er spiritualitet?
  • Spiritualitet som allmennmenneskeleg fenomen og som kristent trusuttrykk
  • Korleis studere spiritualitet?

Delemne 2: Kristen spiritualitet frå oldkyrkja og til vår tid (historisk del)

Delemne 3: Aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet

  • verbal-rasjonell spiritualitet
  • kontemplativ spiritualitet
  • karismatisk spiritualitet
  • estetisk/rituell spiritualitet
  • handlingsretta spiritualitet
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har kunnskap om ulike spiritualitetstradisjonar i kristendomshistoria
  • har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i samtida
Ferdigheiter
  • kan gjere greie for kva ein forstår med «spiritualitet» og for ulike syn på spiritualitet i kristen teologi
Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går over eitt semester og består av forelesningar i delemna og eit oppgåveseminar. Seminardeltaking er obligatorisk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må stundenten

  • ha fått godkjent tre innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
  • ha delteke i eit obligatorisk oppgåveseminar der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve og har kommentret eit oppgåveutkast frå ein medstudent
Evaluering og kvalitetssikring

I samsvar med vedteken kvalitetsplan.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Inntil 3000 ord.
Alle
Godkjent av: 
Anders Aschim