Semestre
REP202 Ekstern medieproduksjon
60 studiepoeng mediefag
Dette emnet er bygd opp rundt eit kortare produksjonsopphald utanfor Høgskulen i Volda. Studentane skal få erfaring med å arbeide med medieproduksjonar/medieprosjekt i nye miljø med nye samarbeidspartnarar og få innsikt i samfunnsliv og produksjonstilhøve på denne staden. Slike prosjekt kan finne stad både i Noreg og i utlandet.
-
Kandidaten har innsikt i korleis ein arbeider med medieproduksjon i nye miljø.
Kandidaten kan lage medieproduksjonar med tema frå nye miljø.
Kandidaten utvider eigen horisont og tilpassar seg nye rammevilkår- kandidaten får breiare innsikt i samfunnslivet
Emnet er tredelt. Forarbeid og produksjonsplanlegging med undervisning og gruppearbeid ved Høgskulen i Volda, gjennomføring av produksjon, etterarbeid med ferdiggjering og refleksjonsnotat.
Munnleg eller skriftleg presentasjon av idé og produksjonsplan for faglærar.
Produksjonsplanen skal definere omfanget av arbeidet og kva medium studenten eller gruppa av studentar skal produsere for. Arbeidskravet skal vere gjennomført og godkjend av faglærar før avreise.
Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Stått eller ikkje stått | |||||
Oppgave | Individuell | Stått eller ikkje stått | Fleire studentar kan arbeide på og levere same produksjon, refleksjonsnotatet er ei individuell oppgåve. | Refleksjonsnotatet skal ha eit omfang på 800 - 1200 ord og drøfte korleis produksjonen vart gjennomført med vekt på dei utfordringane studenten møtte. |