Semestre

SABVP111 Innføring i samfunnsvitskaplege emne

Emnekode: 
SABVP111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Studentane skal i dette emnet utvikle kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i fagemna, samt møte yrkesfeltet for å få perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet i sosialt arbeid. Det vert lagt vekt på at studentane skal starte utvikling av ferdigheter innan kommunikasjon og samhandling, gruppeprosessar, gruppedynamikk og haldningar knytt til etisk forståing. Studentane skal også få lagt grunnlag i å utvikle kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som er viktige for studenten gjennom heile studiet.

Innhald:

  • psykologi og gruppedynamikk
  • stats- og kommunalrett
  • sosialantropologi
  • sosiologi
  • sosialt arbeid og sosialpedagogikk
  • pedagogikk
  • stats- og kommunalkunnskap
  • velferdsteori og sosialpolitikk
  • vitskapsteori

 Arbeids- og læringsformer:

  • kurs i studieteknikk og læringsmåtar
  • innføring i skriveprosess, fagskriving og kjeldebruk
  • kurs i gruppedynamikk
  • møte med og ekskursjon i yrkesfeltet
  • kurs i drama
  • rettleiiing, gruppearbeid og individuelt arbeid
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar
  • sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i fagemna pedagogikk, psykologi og gruppedynamikk, sosialt arbeid og sosialpedagogikk, sosiologi, sosialantropologi, stats- og kommunalkunnskap, stats- og kommunalrett, velferdsteori og sosialpolitikk samt enkelte deler av vitskapsteorien.

  • ulike perspektiv på forholdet mellom faga, studium og yrke i møte med yrkesfeltet

  • studieteknikk, skriveprosessar og sentrale arbeids- og læringsmåtar som vert nytta i studiet 

  

Ferdigheiter
  • grunnleggande forståing for og ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling, gruppeprosessar og gruppedynamikk
  • grunnleggande forståing for og ferdigheiter i studieteknikk, skriveprosessar og sentrale arbeids- og læringsmåtar som vert nytta i studiet

 

Generell kompetanse
  • å vise grunnleggande toleranse, interesse og respekt for menneske, uansett alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid.

Undervisinga vil bli organisert i fire temabolkar: Bolk 1 - Sosialt arbeid og sosialpedagogikk, Bolk 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid, Bolk 3 - Strukturelle rammer for sosialfagleg arbeid og Bolk 4 - Fagleg fordjuping og eksamensførebuing. 

Læringsgrupper: Gruppe- eller teamarbeid er ein svært vanleg og sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innan profesjonen, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert studentane difor delte inn i mindre læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring, for meiningsutveksling om faglege spørsmål og for trening i å delta i og samarbeide i gruppe. Kvar gruppe får tildelt eigen rettleiar. Kvar gruppe vel ein leiar for gruppa som har ansvar for å halde kontakt med rettleiar.

Seminar og seminargrupper: Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer, som møte med yrkesfeltet, ekskursjonar, kurs i studieteknikk og fagskriving. Seminargruppene vert også nytta i dramaundervisninga.

Deltakinga vert rekna for heile emnet med unntak av drama og gruppedynamikk, der deltakinga vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Alle arbeidskrav i SABVP111 må vere godkjende for å få starte på SABVP112.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  • Credo-prosjektet: intervju og refleksjonsnotat

  • Gjennomføring av kurs i drama.

  • Individuell skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord (evt. anna type skriftleg arbeid delt opp i fleire mindre tekstar).

  • Skriftleg oppgåve i gruppe på om lag 2500 ord med presentasjon i seminar.

  • Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.

    Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen. Alle arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har studentforum og eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Margrete Homlong Øyehaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen.
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.04.2016