Semestre

SABVP112 Individ og velferdssamfunn

Emnekode: 
SABVP112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Godkjende arbeidskrav 1 - 4 i SABVP111

Om emnet

I dette emnet er målet at studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar knytt til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet samt om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem.

Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid. Vidare skal studentane få grunnleggande innføring i etikk, menneskeverd og menneskerettigheiter.

I tillegg skal studentane få kjennskap til ulike kunnskapar for å betre forstå utfordringar i velferdsstaten. 

Studentane skal utvikle grunnleggande kunnskapar om vitskapsteori.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • sentrale utfordringer knytt til oppvekst, familie og livsløp
  • migrasjon, fleirkultur, marginaliseringsprosesser og diskriminering
  • førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • empowerment i endringsarbeid
  • sentrale sosialpsykologiske teoriar
  • rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettigheiter, samt straffe- og prosessrett
  • etiske og vitskapsteoretiske spørsmål knytt til sosialt arbeid
  • vidareutvikle kunnskap om skriveprosessar og kjeldebruk som grunnlag for tekstutvikling og refleksjon

 

 

Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • skriveprosessar og kunne nytte faglege kjelder som grunnlag for tekstutvikling og refleksjon
  • å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
  • å kunne ta i mot og gje tilbakemeldingar på eige og medstudentar sitt arbeid (medstudentrespons)
Generell kompetanse

Studenten skal ha generell kompetanse til:

  • å vise grunnleggande toleranse, interesse og respekt for menneske, uansett alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet. Dette er: Bolk 6 – Oppvekst og familie, Bolk 7  - Migrasjon og det fleirkulturelle samfunn, Bolk 8 – Juridiske emne, Bolk 9 - Førebyggjande arbeid, Bolk 10 – Empowerment og endringsarbeid og Bolk 11 – Fagleg fordjuping og eksamensførebuing.

Til fleire av dei ulike bolkane er det knytt skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Gjennom denne organiseringa ønskjer vi å skape ein klar struktur i studiet og å styrke studentane sin læreprosess. Vi bruker varierte arbeidsformer som problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, i tillegg til førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SABVP112.

Deltaking på undervisningsaktivitetane vert rekna for heile emnet. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Alle arbeidskrav i SABVP112 må vere godkjende for å få starte på SABVP121.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Arbeidskrav:
  1. Studentrespons på skisse til individuell skriftleg oppgåve
  2. Studentrespons på 1. utkast til individuell skriftleg oppgåve
  3. Gruppepresentasjon i seminar knytt til problembasert læring i bolk 9 og/eller 10.  Individuelt refleksjonsnotat
  4. Credo-prosjektet: gjennomføre og skriftleggjere intervju av medstudent
  5. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar

Det nærare innhaldet i arbeidskrava går fram av semesterplanen. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Arbeidskrav 1 - 5 samt arbeidskrav 5 i SABVP111 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har studentforum og eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ane Bergset Mandal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
51
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Oppgave
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
49
Godkjent av: 
Vurdere variasjon i eksamensformene