Semestre
SABVP121 Individretta emne og organisasjonskunnskap
SABVP111. Godkjende arbeidskrav i SABVP112.
Emnet har som mål å gi studentane ei nærare forståing av individuell utvikling i samspel med familie, ulike grupper, sosiale nettverk og samfunnsmessige vilkår. Studentane skal få kunnskap om sjukdoms- og helsebiletet i samfunnet. Vidare har emnet som mål å gi studentane innsikt i korleis organisasjonar og nettverk fungerer og deira funksjon i samfunnet. Barnevernspedagogstudentane (BVP) og sosionomstudentane (SOS) er i samla klasse det meste av undervisningstida, men skil lag i tema pediatri og gerontologi.
Innhald:
- utviklingspsykologi
- sosialmedisin
- organisasjonskunnskap
- spesialpedagogikk
- pediatri (BVP)
- gerontologi (SOS)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studentane skal
- forstå og forklare sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
- forstå og forklare individet si fungering i grupper og nettverk
- ha forståing for organisasjonar, grupper og nettverk sin rolle i samfunnet
- ha forståing for korleis individ og nettverk gjensidig blir påverka av kvarandre
- ha forståing for samfunnsforholda sin betydning for helsebiletet
Studentane skal
- kunne analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
- kunne analysere og reflektere over korleis individ og nettverk gjensidig blir påverka av kvarandre
- kunne analysere og reflektere over grupper, nettverk og organisasjonar og deira rolle i samfunnet
- kunne legge til rette for inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk for å fremme helse og normalutvikling
Studentane skal
- kunne analysere og forstå barn, unge og deira familiar sine vilkår for deltaking og utvikling og den konteksten deltakinga skal foregå innanfor
- kunne legge til rette for utsette menneske sin deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
- kunne reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.
Deltaking på undervisningsaktivitetane vert rekna for heile emnet.
Arbeidskrav
(må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen)
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.
Arbeidskravet må vere godkjent til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SAF121/SASOS121 |