Semestre

SABVP122 Prosjektpraksis

Emnekode: 
SABVP122
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SABVP112. Godkjent arbeidskrav i SABVP121.

Om emnet

Emnet har som mål at studentane skal få kunnskap og erfaring med bruk av prosjektarbeid som arbeidsmåte både i sosialfagleg arbeid og seinare i fleire tverrprofesjonelle samhandlingssituasjonar. Ved å gjennomføre eit undersøkingsprosjekt som er relatert til nærare spesifiserte tema i studiet, skal studentane utvikle kompetanse gjennom intervju, drive anna informasjonshenting, analysere og drøfte materialet relatert til teori, og elles samhandle med kvarandre i gruppe om eit felles mål. Etisk refleksjon med basis i forskingsetikk vil vere gjennomgåande for val som vert gjort gjennom prosjektarbeidet.

Prosjektarbeidet skjer i smågrupper, gjerne på tvers av klassene (SOS og BVP).

Innhald:

  • Studentane vel sjølv tema innanfor fastlagde fordjupingsområde
  • Undervisningstema; samfunnsvitskapleg metode, prosjektpedagogikk, prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha kunnskap om prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
  • ha kunnskap om kvalitativ forskingsmetode
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne jobbe prosjektorganisert i samspel med andre
  • kunne velje ut, hente fram og presentere relevant informasjon og fagstoff
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne reflektere over eigen kommunikasjons- og samarbeidsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Prosjektpraksis går føre seg i smågrupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema og utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift. Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet. 

Studentar som gjer undersøkinga heilt eller delvis i utlandet kan få særskilde dokumentasjonskrav.

Det blir arrangert studentleia seminar (prosjektforum) der ulike fasar av prosjektarbeidet blir tematisert.

Deltaking vert rekna for heile emnet (dvs. undervisning og seminar), men gjennomføring av munnleg presentasjon av eige prosjekt i desember og deltaking på medstudentane sine presentasjonar, vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Alle arbeidskrav i SABVP122 må vere godkjende for å få starte på SABVP125.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  1. Prosjektpresentasjon
  2. Skriftleg arbeidskrav (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.

Arbeidskrava må vere godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Obligatorisk deltakingsplikt

  1. deltaking på medstudentane sine presentasjonar av prosjekta i work-shop
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet har eiga sluttevaluering.

Det er elles etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Roar Stokken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Gruppe
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
49
◦Gruppebasert prosjektrapport på om lag 9000 ord
omlag 9000 ord
Rapport
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
51
◦Individuell refleksjonsrapport på om lag 2500 ord
omlag 2500 ord
Godkjent av: 
Vurdere variasjon i eksamensformene