Semestre
SABVP131 Klientretta praksisstudium
SABVP111, SABVP112, SABVP121, SABVP122 og SABVP125.
Dette er einaste emnet med klientretta praksisstudium. Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.
Innhald:
- førebuingsseminar til praksisstudium
- eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
- refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- kommunikasjon og samhandling
- strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
- korleis relevante yrkesfaglege problemstillingar kjem til uttrykk
- korleis etiske problemstillingar kan arte seg og handterast
- korleis eigen kunnskap står i relasjon til og kan nyttast i yrkesfaglege utfordringar
- korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i:
- generell yrkesutøving
- å ta i bruk teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
- å vurdere etiske problemstillingar og ta omsyn til desse i handling
- å leggje til rette for god kommunikasjon og gode praktiske løysingar i høve til brukarar
- å vurdere eigen kompetanse i relasjon til andre profesjonars kompetanse
- å føre logg som dokumentasjon i eigen praksis
Studenten skal kunne:
- bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
- reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
- ta ansvar for si eiga personlege og faglege vidareutvikling
- vere bevisst eigne haldningar, roller og veremåtar i møte med andre
- vise evne til kunnskapsbasert yrkesutøving
Klientretta praksisstudium er hovudsakleg i 5. semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag 2 veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag 1 veke etterarbeid ved høgskulen.
Førelesingar, seminar, opphald ved ekstern praksisplass og arbeid med fagtekster.
Sjå "Retningsliner for prosjekt - og klientpraksis" om frammøtekrava i praksisopphaldet.
Arbeidskrav:
- Individuell skriftleg oppgåve
- Praksisgjennomføring, jf. Retningsliner for prosjekt- og klientpraksis § 7
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid.
Obligatorisk deltaking:
- Praksisførebuingsseminar
- Praksisrefleksjonsseminar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | 14 Veker | Stått eller ikkje stått | Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar. | |||
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Praksisoppgåve | Oppgåve 4000 ord |