Semestre
SABVP235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve
SABVP125 og godkjende arbeidskrav i SABVP131.
I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - barnevernspedagog er det eit mål at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolle i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag barnevernspedagogen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.
Innhald:
- Administrasjon og leiing
- Barnevernsfaglege perspektiv
- Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
- Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
- Planlegging
- Psykisk helsearbeid
- Re-/habilitering
- Rusrelatert arbeid
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- nyare forsking om menneske i sårbare livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
- re-/habilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
- rettsreglar knytt til behandling og tvang
- planleggingsteori, med særleg vekt på kommunane sine utfordringar
- administrasjon og leiing med særleg vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov arbeidsrett
Studenten skal ha ferdigheiter i:
- å avdekkje særskilte behov i møte med menneske og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje meistring hos brukar
- å reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, og også gjere juridiske vurderingar
- å utøve fagleg skjøn i yrkessituasjonar
- samarbeid, konflikthandtering og å arbeide prosessorientert
- å planleggje og gjennomføre eit prosjekt med bacheloroppgåve
- å presentere eige prosjekt med bacheloroppgåva skriftleg og munnleg
Studenten skal kunne:
- vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
- ha god forståing for barnevernspedagogens rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer yrkesutøvinga
- bruke teoretiske og praktiske perspektiv til å forstå og handtere yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar
- reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
- syne god fagleg formidlingsevne
Forelesingar, gruppeaktivitet, seminar, rettleiing og sjølvstudium.
Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet.
Deler av pensum er sjølvvalt litteratur. Informasjon om omfang, kriterier og pensum vil bli gitt.
Det vert stilt særskilde frammøtekrav til obligatoriske seminaraktivitetar der deltaking vert rekna for seg.
Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente:
- Gruppebaserte arbeidskrav
- Sjølvvalt pensum
Obligatorisk frammøte:
- Deltaking på seminar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Begge eksamensdelar må vere bestått for at emnet skal vere fullført. | Ein person leverer oppgåve: Om lag 9000 ord To studentar leverer saman: Om lag 9900 ord | ||
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | Stått eller ikkje stått | 100 | Til heimeeksamen inngår spørsmål knytt til pensum frå 3. studieåret. Det vil òg bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap frå studiet elles. |