Semestre

SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid

Emnekode: 
SAFE154
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SAFE151 Strukturelle vilkår for profesjonsutøving

BVP151A Barnevernspedagogens profesjon og yrkesfelt
eller 
SOS151A
 Introduksjon til sosialt arbeid

Om emnet

Emnet skal bidra til at studentane utviklar kunnskap om og erfaring med kunnskapsutvikling gjennom prosjekt som arbeidsmåte. Dette skjer gjennom eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for praktisk utøving av sosialt arbeid. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).

Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen av prosjektet har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.

Emnet gir såleis høve til å utvikle kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene av eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar og deira moglegheiter og avgrensingar 
  • Har forskningskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og familiar på deira arena som grunnlag for kunnskapsbasert praksis  
  • Har kunnskap om vitskapsteori og korleis kunnskap vert utvikla og forstått 
  • Har kjennskap til relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid 
  • Har kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar 
  • Har kunnskap om korleis ein kan oppdatere sin kunnskap om barnevern som fagområde 
  • Har kunnskap om korleis ein kan gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting 
  • Har kunnskap om korleis ein kan vurdere utfordringar ved datainnsamling og analyse 
  • Har kunnskap om korleis ein kan gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform 
Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan anvende digitale verktøy og relevant teknologi
  • Kan arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
  • Kan gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
  • Kan samle inn og analysere data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
  • Kan presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
  • Kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • Kan reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
  • Kan reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
  • Kan gjere kritiske vurderingar av innsamla data og svakheiter i eigen analyse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet i emnet går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Gruppene vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.

Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Deltaking vert rekna på grunnlag av både undervisning og rettleiing. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.

Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. 

For å framstille seg til gruppebasert skriftleg eksamen må studenten gjennomføre følgjande arbeidskrav:
a) Gjennomføre skriftleg gruppearbeidskrav knytt til det å arbeide prosjektorganisert i samspel med andre

For å framstille seg til individuell munnleg eksamen må studenten gjennomføre følgjande arbeidskrav:
a) Munnleg arbeid knytt til det å gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre og det å presentere eigne forskingsresultat munnleg
b) Skriftleg arbeid knytt til det å presentere eigne forskingsresultat skriftleg.

Alle arbeidskrava skal gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Arbeidskrava vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Roar Stokken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Gruppe
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
49
Kandidatane vel sjølv om eksamenssvaret vert skrive på norsk eller engelsk.
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
51
Kandidaten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk.
Godkjent av: 
Randi Bergem 01.03.2023