Semestre

SASOS122 Prosjekt i praksis

Emnekode: 
SASOS122
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS111 og godkjende arbeidskrav i SASOS112

Om emnet

Føremålet med emnet er at studentane skal utvikle kunnskap om og erfaring med prosjekt som arbeidsmåte. Prosjektet er eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for sosialt arbeid. Praksisomgrepet er nytta både fordi det gjeld praksis i prosjektarbeid, og fordi prosjektet handlar om praksisfeltet. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).

Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.

Emnet skal bidra til å utvikle kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene til eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
  • gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting
  • vurdere utfordringar i datainnsamling og analyse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
  • gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
  • samle inn data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
  • presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
  • reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
  • gjere kritiske vurderingar av innsamla data og svake sider ved eigen analyse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Prosjektpraksis går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.

Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.

Deltakinga gjeld både undervisning og rettleiing.

Alle arbeidskrav i SASOS122 må vere godkjende for å få starte på SASOS125.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav gruppeeksamen: 

  1. Prosjektplan (gruppeinnlevering)

Arbeidskrav munnleg eksamen:

  1. Aktiv deltaking i presentasjonar av eige prosjekt og som tilhøyrar til andre grupper sine presentasjonar
  2. Skriftleg arbeidskrav (essay på omlag 2000 ord med utgangspunkt i gitt tema). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80 % frammøte til undervisning og rettleiing
Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Roar Stokken
Ellen Andenes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Gruppe
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
49
◦Gruppebasert prosjektrapport på omlag 9000 ord.
omlag 9000 ord
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
51
Tema kan vere:
- Innhald i prosjektrapport
- Arbeidsprosessen fram til prosjektrapport
- Pensum
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2020