Semestre
SASOS122 Prosjektpraksis
SASOS112. Godkjent arbeidskrav i SASOS121.
Emnet har som mål at studentane skal få kunnskap og erfaring med bruk av prosjektarbeid som arbeidsmåte både i sosialfagleg arbeid og seinare i fleire tverrprofesjonelle samhandlingssituasjonar. Ved å gjennomføre eit undersøkingsprosjekt som er relatert til nærare spesifiserte tema i studiet, skal studentane utvikle kompetanse gjennom intervju, drive anna informasjonshenting, analysere og drøfte materialet relatert til teori, og elles samhandle med kvarandre i gruppe om eit felles mål. Etisk refleksjon med basis i forskingsetikk vil vere gjennomgåande for val som vert gjort gjennom prosjektarbeidet.
Prosjektarbeidet skjer i smågrupper, gjerne på tvers av klassene (SOS og BVP).
Innhald:
- Studentane vel sjølv tema innanfor fastlagde fordjupingsområde
- Undervisningstema; samfunnsvitskapleg metode, prosjektpedagogikk, prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
- ha kunnskap om kvalitativ forskingsmetode
Studenten skal:
- kunne jobbe prosjektorganisert i samspel med andre
- kunne velje ut, hente fram og presentere relevant informasjon og fagstoff
Studenten skal:
- kunne reflektere over eigen kommunikasjons- og samarbeidsevne
Prosjektpraksis går føre seg i smågrupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema og utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift. Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.
Studentar som gjer undersøkinga heilt eller delvis i utlandet kan få særskilde dokumentasjonskrav.
Det blir arrangert studentleia seminar (prosjektforum) der ulike fasar av prosjektarbeidet blir tematisert.
Deltaking vert rekna for heile emnet (dvs. undervisning og seminar), men gjennomføring av munnleg presentasjon av eige prosjekt i desember og deltaking på medstudentane sine presentasjonar, vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.
Alle arbeidskrav i SASOS122 må vere godkjende for å få starte på SASOS125.
Arbeidskrav
- Prosjektpresentasjon
- Skriftleg arbeidskrav (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar
Arbeidskrava må vere godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Obligatorisk deltakingsplikt
- deltaking på medstudentane sine presentasjonar av prosjekta i work-shop
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet har eiga sluttevaluering.
Det er elles etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Gruppe | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 49 | ◦Gruppebasert prosjektrapport på omlag 9000 ord. | omlag 9000 ord | ||
Rapport | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 51 | ◦Individuell refleksjonsrapport på omlag 2500 ord | omlag 2500 ord |