Semestre
SASOS125 Utfordringar i yrkesfeltet - sosionom
SASOS111, SASOS112, godkjende arbeidskrav i SASOS121 og SASOS122.
Føremålet med emnet er å gi studentane kunnskap om, og ei nærare forståing for, samhandling og planlegging innanfor område som omfattar m.a. familievern, barnevern, rusomsorg og sosialteneste. Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle innsikt og kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming er sentralt i emnet.
Innhald:
- Sosialfaglege emne: Emna blir relaterte til særskilde yrkesmetodiske utfordringar i individuelt sosialt arbeid, sosialt arbeid med grupper, samfunnsarbeid, nettverksarbeid, barnevernsarbeid og sosialt arbeid i NAV
- Sosialt arbeid med familiar
- Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang, gjeldsproblem og bustadsosiale reglar
- Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk og kriser
- Rusarbeid, re-/habilitering, psykisk helsevern
- Kommunikasjonstrening / samtaleøvingar
- Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
- Organisasjon og yrkeskunnskap
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
- saksgang og sakshandsaming i barnevernet
- samtale med barn og foreldre i vanskelege livssituasjonar
- årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
- ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
- sosialt arbeid i NAV
- re-/habilitering av menneske med fysiske og psykiske vanskar og rusproblem
- tverrprofesjonelt samarbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- planleggje og gjennomføre samtalar med brukarar
- reflektere over eigen veremåte og kva innverknad denne har i samhandling med brukarar
- vurdere bruk av ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
- planleggje, setje i verk og evaluere tiltak i samarbeid med brukarar
- utføre sosialt arbeid med individ og grupper
- samarbeide med ulike aktørar, som klientar, pårørande og fagpersonar, på tvers av ansvarsområde og etatar
Studenten skal kunne:
- møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
- utøve profesjonelt skjøn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
- bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak for brukarar frå barneverns-, helse- og sosialsektoren
- analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar i arbeidet som sosionom
Undervisninga består av førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga.
Arbeidskrav
- Individuelle skriftlege arbeid i fagtema
- Individuelt skriftleg arbeid og gjennomføring av rollespel i samband med samtaleøvingane
- Gruppearbeid og individuelt skriftleg arbeid som del av SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 % frammøte til undervisningsaktivtetar.
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjon på Canvas.
Obligatorisk deltaking:
- Undervisning og gruppearbeid på SOM-seminaret
- Nettverksarbeid i sosialt arbeid
- Sosialt arbeid med grupper
- Samtaleøvingar
- Familearbeid
- Individuelt sosialt arbeid
- Samfunnsarbeid
Nærare informasjon blir gitt i Canvas.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking, dvs. krav om 80 % deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensspråk: norsk eller engelsk | Norges lover eller særtrykk av lovverket |