Semestre
SASOS125 Utfordringar i yrkesfeltet - sosionom
SASOS112. Godkjende arbeidskrav i SASOS121 og SASOS122.
Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og ei nærare forståing for samhandling og planlegging innanfor område som omfattar m.a. familievern, barnevern, rusomsorg og sosialteneste. Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle innsikt og kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.
Innhald:
- Sosialfaglege emne: Emna blir knytt opp mot særskilde yrkesmetodiske utfordringar innan individuelt sosialt arbeid, sosialt arbeid med grupper, samfunnsarbeid, barnevernsarbeid og sosialt arbeid i NAV
- Sosialt arbeid med familiar
- Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang, gjeldsproblem og bustadsosiale reglar
- Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk og kriser
- Rusarbeid, re-/habilitering, psykisk helsevern
- Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
- Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
- Organisasjon og yrkeskunnskap
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha tilegna seg kunnskap om:
- familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
- saksgang og sakshandsaming i barnevernet
- samtale med barn og foreldre i vanskelege livssituasjonar
- årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
- ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
- sosialt arbeid i NAV
- re-/habilitering av menneske med rusvanskar, fysiske og psykiske vanskar
- tverrprofesjonelt samarbeid
Studenten skal kunne
- planlegge og gjennomføre gode samtaler med brukarar og reflektere over eigen væremåte
- vurdere behov for bruk av ulike arbeidsmåtar i sosialt arbeid
- planlegge, sette i verk og evaluere tiltak i samarbeid med brukarar
- arbeide med individ og grupper
- samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsomåde og etatar
Studenten skal kunne
- møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
- vise toleranse, interesse og respekt for menneske uansett sosial, kulturell og livssynsbasert tilhøyrsle
- utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
- bidra til tverrprofesjonelle tiltak til dei som treng hjelp frå barnevern, helse- og sosialsektoren
- analysere og kritisk reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som sosionom
Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.
Deltaking vert rekna for heile emnet med unntak av ferdigheitstrening som t.d. sosialt arbeid med grupper og samtaleøvingar, der deltakinga vert rekna for seg.
Arbeidskrav
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM-seminaret (saman om omsorg for barn)
- Individuelt skriftleg arbeid knytt til fagtema
- Individuell skriftleg oppgåve knytt til samtaleøvingane
- Munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie/studietur
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Obligatorisk deltaking:
- Ferdigheitstrening; sosialt arbeid med grupper
- Ferdigheitstrening; samtaleøvingar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |