Semestre

SASOS131 Klientretta praksisstudium

Emnekode: 
SASOS131
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS111, SASOS112, SASOS121, SASOS122 og SASOS125

Om emnet

Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.

INNHALD

  • førebuingsseminar til praksisstudium 
  • eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
  • refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • kommunikasjon og samhandling
  • strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
  • korleis relevante yrkesfaglege problemstillingar kjem til uttrykk
  • korleis etiske problemstillingar kan arte seg og handterast
  • korleis eigen kunnskap står i relasjon til og kan nyttast i yrkesfaglege utfordringar
  • korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • generell yrkesutøving
  • å ta i bruk teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
  • å vurdere etiske problemstillingar og ta omsyn til desse i handling
  • å leggje til rette for god kommunikasjon og gode praktiske løysingar i høve til brukarar
  • å vurdere eigen kompetanse i relasjon til andre profesjonars kompetanse
  • å bruke loggføring for å stimulere til kritisk refleksjon over yrkesutøving
Generell kompetanse

Studenten skal ha generell kompetanse og kunne:

  • bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
  • reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ta ansvar for si eiga personlege og faglege vidareutvikling
  • vere bevisst eigne haldningar, roller og veremåtar i møte med andre
  • vise evne til kunnskapsbasert yrkesutøving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Klientretta praksisstudium er hovudsakleg i 5. semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag 2 veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag 1 veke etterarbeid ved høgskulen.

Førelesingar, seminar, opphald ved ekstern praksisplass og arbeid med fagtekster.

Sjå "Retningsliner for prosjekt - og klientpraksis" om frammøtekrava i praksisopphaldet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav - må vere innleverte og godkjende til fastsett tid.
1. Førebuingsnotat
2. Praksisavtale
3. Individuell skriftleg oppgåve
4. Sjølvvalt pensum
5. Praksisgjennomføring, jf. Retningsliner for prosjekt- og klientpraksis § 7
 

Obligatorisk deltaking:
Seminar: førebuing til praksisstudiet ​
Seminar: refleksjonar etter praksisstudiet

Det er krav om 80% deltaking på kvar av seminara, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Gerd Skjong
Ingun Klepp
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
14 Veker
Stått eller ikkje stått
Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar.
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Praksisoppgåve
Oppgåve 4000 ord
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19