Semestre
SOS159 Praksisstudium, 64 dagar
I dette praksisstudiet er det faglege fokuset retta mot bruk av kritisk refleksjon og analyse til å styrke studenten sin forvaltnings-, samarbeids- og relasjonskompetanse. Studenten skal dermed få erfaring med å forstå brukaren sin situasjon, og å utgreie og undersøke, vurdere, fatte og dokumentere avgjersler i samarbeid med brukarar. I dette ligg også bruk av dei digitale verktøya som er i bruk ved praksisstaden, og å samarbeide tverrprofesjonelt og tverretatleg til det beste for brukaren. Det er forventa at studenten også tar i bruk kunnskap frå tidlegare og parallelle emne.
Internasjonal utveksling skal bidra til utvikling av kunnskap om andre kulturar, mangfald, fattigdom og bakgrunn for migrasjon. Det blir difor lagt til rette for utlandspraksis, som kan gi studentane erfaring med å stå i minoritetsposisjonar, og gi grunnlag for utvikling av global forståing og kultursensitivitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om korleis kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing av brukarar og pårørande går føre seg på praksisstaden
- Har brei kunnskap om kritisk refleksjon som tilnærming i sosialt arbeid
- Har kunnskap om korleis teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap kjem til uttrykk på praksisstaden
- Har digital kompetanse, deriblant kunnskap om digital sikkerheit
Studenten:
- Kan anvende fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon til å forstå, samhandle og rettleie brukarar og pårørande
- Kan anvende erfaringar og fagleg kunnskap til å reflektere etisk og kritisk over eigen og tenesta sin praksis
- Kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis
- Kan samhandle fleirrfagleg og tverrprofesjonelt
- Kan anvende digitale verktøy og relevant digital teknologi både på individ- og systemnivå
- Kan justere praksis under rettleiing
Studenten:
- Har innsikt i og kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav og etiske dilemma i tenesteutøvinga
- Kan formidle faget og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartar, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Emnet går føre seg parallelt med emne SOS157 Fordjuping i sosialt arbeids yrkespraksis.
Studenten har praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.
Studenten skriv samtidig logg med observasjonar og analyser av sine erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.
Studenten skal ha ein praksisrettleiar ved praksisstaden som har eit rettleiings- og oppfølgingsansvar for studenten, og student og rettleiar møtest minimum ein time i veka for individuell rettleiing. Studenten får også tildelt ein kontaktlærar ved høgskulen, som vil følgje opp faglege oppgåver knytt til studiet og ha kontakt med student og praksisrettleiar i praksisperioden.
Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske.
Studenten skal gjennomføre 64 dagar praksis ved godkjent praksisstad, og kan ha maksimalt åtte dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til praksisgjennomføring. Arbeidskrava vert gjennomført individuelt og skriftleg, men føreset samarbeid med andre. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | 64 Dagar | Stått eller ikkje stått | Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar. |