Semestre

SSA104 Identitet, fellesskap og livsmeistring

Emnekode: 
SSA104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Studiet byggjer på kjerneområdet i læreplanen i samfunnsfag (SAF01-04) som heiter "Identitetsutvikling og fellesskap", og tar også opp i seg ein del av det tverrfaglege temaet "Folkehelse og livsmeistring" (sjå øvst side 4 i læreplanen). Som det framgår av studiet av dette tverrfaglege temaet skal så handlar dette tverrfaglege temaet, i samfunnsfag, for ein stor del om identitet og identitetsutvikling, som jo allereie er dekka gjennom kjerneområdet "Identitetsutvikling og fellesskap". Når det gjeld dette emnet så vil dette dekke dei politiske sidene, samt dei personlege og sosiale sidene ved identitet. I tillegg, for å sikre ein plass for temaet livsmeistring i lys av temaet identitet, inneheld emnet også nokre andre fokusområde som studentane bør få kjennskap til gjennom årsstudiet, og som ikkje er dekka av skildringane innanfor kvart kjerneområde. Derfor gjeld tema som rus, seksualitet, kropp og kroppspress, personleg økonomi og bruk av sosiale digitale medier. Emnet er også relevant for kjerneområdet "Identitet og livsmeistring" i læreplanen i samfunnskunnskap for den vidaregåande skulen (SAK01-01).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor fagområda identitet, fellesskap og livsmeistring
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområda identitet, fellesskap og livsmeistring
  • Kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområda identitet, fellesskap og livsmeistring
  • Har kunnskap om historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet for fagområda identitet, fellesskap og livsmeistring 
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan arbeide med verdiar og haldningar innanfor temaene identitet, fellesskap og livsmeistring, for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • Kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet innanfor temaene identitet, fellesskap og livsmeistring
  • Kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggande ferdigheiter innanfor temaene identitet, fellesskap og livsmeistring 
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan legge til rette for at elevane kan reflektere over spørsmål knytte til identitet, fellesskap og livsmeistring og stimulere til kritisk tenking og kreativitet knytt til desse temaene
  • Kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis identitet og fellesskap blir konstruert
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav: Ingen obligatoriske, men det vil bli gitt høve til å arbeide med eksamensforebuande oppgåver. 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Ådne Meling
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30-45 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100