Semestre
STY301 Styrarutdanning
Fullført førskulelærar/barnehagelærarutdanning.
God leiing er viktig for å kunne utvikle barnehagen og sikre høg kvalitet i tilbodet. Styrarutdanninga er eit hjelpemiddel for å nå desse måla. Studentane skal utvikle seg som leiarar gjennom kritisk innsikt i eiga yrkesrolle og eigen praksis. Dei skal utvikle auka innsikt og forståing for barnehagen sitt formål og samfunnsmandat, og styrke eigen kompetanse og innsikt i høve til rammevilkår, verkemiddel og arbeidsformer. Studiet skal gi studentane utvida reiskapar for refleksjon over eiga rolle og medvit omkring korleis verdiar og haldningar påverkar denne. Eit gjennomgåande tema er difor utvikling av eigen identitet som leiar.
I løpet av studiet skal studentane utvikle kunnskap og ferdigheiter i å skape resultat gjennom arbeid på individ -gruppe -organisasjons og -samfunnsnivå. Studentane får gjennom studiet inngåande kunnskap om endringsstrategiar i barnehagen og skal kunne utøve dynamisk og målretta leiing både av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, av personalet og av barnehagen som organisasjon, og gjennom dette kunne skape resultat gjennom andre.
Gjennom studiet skal studentane styrke grunnlaget for å omsetje ulike styringssignal til reflektert praksis. Studentane skal få innsikt i juridiske spørsmål som er relevante for barnehagefeltet og få kunnskap om konsekvensar for leiaransvar i eit mangfaldig samfunn.
Innhald i studiet:
Studiet er organisert rundt følgjande tema:
Barnehagen som organisasjon i samfunnet
Styring og administrasjon
Generelle leiingsteoriar og pedagogisk leiing
Barnehageleiar som arbeidsgjevar og relasjonsbyggar
Utvikling og endring i barnehagen
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og eiga rolle som pedagogisk og administrativ leiar på barnehage - og kommunenivå
- ha kunnskap om sentrale leiingsteoriar som grunnlag for utvida forståing av leiarrolla
- ha inngåande teoretisk og omgrepsmessig forståing knytt til motstand i endringsprosessar
- ha innsikt i nye perspektiv på barnehageleiing som reiskap for utvikling av barnehagen som organisasjon i eit samfunn i stadig endring
- utvikle kunnskap om utviklingsarbeid og innsikt i relevansen av entreprenørskap i barnehagen
- ha innsikt i juridiske sider ved rolla som styrar gjennom kjennskap til rettsreglar og rettslege prinsipp med relevans for leiarar i barnehagen
Studenten skal:
-ta i bruk forskingsbaserte metodar for barnehageutvikling og kunne reflektere over teoretisk, erfaringsbasert og verdibasert kunnskap som grunnlag for slikt arbeid
- kunne analysere utdanningspolitiske dokument- og prosessar og trekke linjer til konsekvensar for arbeidet i barnehagen
- reflektere over eiga rolle som arbeidsgjevar, pedagogisk leiar, personalleiar og administrativ leiar
- kunne reflektere over eiga rolle som relasjonsbyggar, endringsleiar og kompetansebyggar
- analysere og reflektere over korleis eiga rolle som leiar er sentral i endringsarbeid
- initiere og leie arbeidet med vurdering og dokumentasjon på ulike nivå i barnehagen
- ta i bruk rettleiing som grunnlag for leiing av utviklingsprosessar
Studenten skal:
-kunne reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet
- utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som leiar for pedagogiske og administrative prosessar
-kunne analysere relevante faglege problemstillingar
-kunne reflektere rundt eigen leiarpraksis og korleis denne har innverknad på læringsmiljøet i organisasjonen, og med dette sjå seg sjølv som ein sentral aktør i endringsprosessar
-kunne reflektere rundt korleis eigne verdiar og haldningar har innverknad på rolla som leiar
Arbeids- og læringsformer
Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet legg vidare vekt på å nytte dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring. Slike kunnskapar er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i rettleiingsgrupper der faglege tema vert drøfta og det vert gjennomført rettleiing både individuelt og i grupper. Studenten si leiing av eit lokalt utviklingsarbeid vil vere tema på alle samlingane.
Frammøte til all undervisning er obligatorisk etter gjeldande reglar. Samlingane inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, øvingar i grupper, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med refleksjonsnotat knytt til eigen utvikling som leiar.
Undervegsvurdering
Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eige utviklingsarbeid frå medstudentar og faglærarar.
Dei skriftlege arbeidskrava er knytt opp mot studentane sitt arbeid med valt fokusområde for utvikling:
- Fire refleksjonsnotat
- Studentseminar med framlegging av studenten sitt utviklingsarbeid
Refleksjonsnotat 1: Refleksjonar rundt egen leiarpraksis, kartlegging og analyse av eigne føresetnader som leiar (systemisk perspektiv) 1200 ord
Refleksjonsnotat 2: Refleksjonar over plan for utviklingsarbeidet, med fokus på forankring i organisasjonen (systemperspektiv) 1200 ord
Refleksjonsnotat 3: Presentasjon av og refleksjon over utviklingsprosessen 1200 ord
Refleksjonsnotat 4: Å være endringsleiar og kompetansebyggar 1200 ord
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det skal veljast eit fagutval som har ansvar for evalueringsmøte med medstudentane på kvar samling. Det blir gjennomført skriftleg evaluering ved slutten av studiet. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Styrarutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individuell | 3 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Teksta skal innehalde faglege og teoretiske perspektiv knytt til pensum, relevant tilleggslitteratur og studentane sitt utviklingsarbeid. Minimum 5000 og maksimum 7500 ord (inklusiv innhaldsliste og litteraturliste, ekskl. standardisert framside). |