Semestre
TOD201 Teaterproduksjon 5: Samtidsteater
Emnekode:
TOD201
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester:
2024 Haust
Eksamenssemester:
2024 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
60 stp. i teater- og dramafag.
Om emnet
Teaterproduksjon 5 fordjupar seg i teateret etter 1980.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Studentane vil lære om t.d.: Performance, Stads-spesifikt teater og Dokumentarteater.
Studentane vil jobbe med:
- Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar
- Skodespelarteknikk og scenekunstnarlege strategiar i samtidsteater (frå 1980 og fram til vår tid)
- Teaterproduksjon
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved utvalde retningar innan samtidsteater
- har kunnskap om utvalde retningar innan det samtidige teater (fra omlag 1980 og til i dag)
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle ulike framsyningar, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar
- kan arbeide medvite med ulike inngangar i ein kunstnarleg prosess
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og kritisk analysere eige scenekunstnarlege arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Visningsseminar i gruppe
- Ein individuell oppgåve knytt til eit scenekunstnarleg prosjekt
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
20
Emneansvarleg:
Vibeke Preus
Raymond Corrado Knutsen
Materialavgift
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 3 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | Alle. | 30-45 minutt. |
Oppgave | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ein individuell oppgåve. | Alle. | 2500-3500 ord. |
Godkjent av:
Unni Hagen