Semestre
TOD201 Teaterproduksjon 3: Samtidsteater
60 stp. i teater- og dramafag med eit minimum av 30 stp. i teaterproduksjon.
Teaterproduksjon 3 fordjupar seg i teateret etter 1980.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Studentane vil lære om t.d.: Performance, Stads-spesifikt teater og Dokumentarteater.
Studentane vil jobbe med:
- Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar
- Skodespelarteknikk og scenekunstnarlege strategiar i samtidsteater (frå 1980 og fram til vår tid)
- Teaterproduksjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved utvalde retningar innan samtidsteater
- har kunnskap om utvalde retningar innan det samtidige teater (fra omlag 1980 og til i dag)
Studenten
- kan utvikle ulike framsyningar, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar
- kan arbeide medvite med ulike inngangar i ein kunstnarleg prosess
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og kritisk analysere eige scenekunstnarlege arbeid
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Visningsseminar i gruppe
- Ein individuell akademisk tekst knytt til eit scenekunstnarleg prosjekt
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 3 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | Alle. | 30-45 minutt. |
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ein individuell oppgåve, der arbeidet med framsyninga skal grunngjevast og vurderast opp mot teori. | Alle. | 2500-3500 ord. |