Semestre
ULEENG3B Adaptasjon og omsetting
Ingen.
Emnet handlar om korleis historier, myter, forfattarskap, konsept og idear vandrar mellom ulike medium og tidsperiodar. Det tek utgangspunkt i forteljingar i ulike former, som romanar, eventyr og skodespel, og ser på kva som hender når dei blir tilpassa, omsett (eller begge deler), eventuelt til andre former, som til dømes film, dataspel, Internett-memer, og teikneseriar på papir og skjerm.
I dette kurset vil vi gå nærare inn på kva endringar i form og kontekst gjer med identiteten, estetikken og meiningsinnhaldet til eit litterært verk eller ein kulturell myte. Vi ser også på korleis slike endringar kan ha ideologiske eller kommersielle årsaker. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet, med bruk av adaptasjon og omsetjing i 5-10-klasserommet, t.d. i samband med tilpassa opplæring, som sentralt tema. I tillegg til praksisbiten inneheld emnet ein stor forskings- og tolkingskomponent. Undervisinga er basert på forelesarane si forsking innan omsetting og adaptasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har avansert kunnskap om formelle trekk ved ulike medium og sjangrar
- Har inngåande kjennskap til resepsjons-, adaptasjons- og omsetjingsteori
- Har kunnskap om nokre sentrale, adapterte og/eller omsette verk i den engelskspråklege kulturhistoria
- Har kunnskap om korleis adaptasjon og omsetjing blir brukt og kan brukast i undervisinga
- Har inngåande kunnskap om profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Studenten
- Kan nytte relevant metode i arbeidet med adaptasjon og omsetjing
- Kan analysere ulike former for resepsjon ved å bruke relevant teori
- Kan undervise om omsetjing eller adaptasjon mellom ulike medium
- Kan identifisere og vurdere adaptasjonar og omsetjingar som kan nyttast i undervisning
- Kan gjere avansert nytte av resepsjon i undervisingssituasjonar
- Kan reflektere over effekten av bruk av resepsjon i ulike undervisningssituasjonar og overfor ulike elevar
Studenten
- Kan reflektere på eit avansert nivå over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- Kan halde ved like og utvikle si eiga språklege og didaktiske kompetanse
- Kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar, mellom anna HVO sine eigne.
Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Studenten skal til eksamen levere ei mappe med ei semesteroppgåve og eit undervisningsopplegg på totalt ca. 3000-3500 ord om eit tema innan adaptasjon eller omsetting. Om lag 1/5 av oppgåva skal ta form av eit undervisningsopplegg og dette bør basere seg på praksis i kursperioden. Eit utkast på minst 2000 ord skal leverast innan ein oppsett tidsfrist
- Studenten skal presentere denne oppgåva munnleg i løpet av første tredjedel av semesteret
Den munnlege presentasjonen gir studenten høve til å få tilbakemeldingar frå forelesar og medstudentar. Studenten får også skriftlege tilbakemeldingar på det innleverte utkastet.
Oppgåvene skal leverast til oppsette tidsfristar. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappe som inneheld det skriftlege arbeidet på 2500 ord; og vurderingsdokumentet frå undervisingsopplegget om adaptasjon | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |