Semestre
ULEMA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning
Ingen.
For matematikklærarar er det viktig med god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitskapsfag og ulik teori om matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert også lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar i matematikkundervising.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
- har inngåande kunnskap om kva det betyr å lære matematikk og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
- har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modellar
- har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
Studenten
- kan legge til rette for tilpassa undervisning basert på forskingskunnskap
- kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette legge til rette for at dei kan vidareutvikle si matematiske forståing
Studenten
- kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
- kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Arbeidsmåtane i emnet er studentaktive seminar, planlegging av feltarbeid og anna undervising.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Arbeidskrav:
- Presentasjon av eit feltarbeid, og respons på medstudentar sitt arbeid.
- Resymé av vitskapleg artikkel.
- Aktiv deltaking i seminara om vitskaplege artiklar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §9-4.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |