Semestre
ULEMA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning
Ingen.
For matematikklærarar er det viktig å ha god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitenskapsfag og ulike modellar for matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert særleg lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane
- har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
- har inngåande kunnskap om kva det betyr for elevar å lære matematikk og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
- har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modellar
- har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
Studentane
- kan legge til rette for tilpassa undervisning basert på forskingskunnskap
- kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette vidareutvikle deira matematiske forståing
Studentane
- kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
- kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Presentasjon av eit feltarbeid.
- Resymé av vitskapleg artikkel.
- Aktiv deltaking i seminara om vitskaplege artiklar.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |