Semestre
ULEMGOPPG Masteroppgåve
For spesialisering i norsk: ULENO3C, ULENO3B og ULEMGVF
For spesialisering i matematikk: ULEMA3C, ULEMA3B og ULEMGVF
For spesialisering i samfunnsfag: ULESA3C, ULESA3B og ULEMGVF
For spesialisering i engelsk: ULEENG3C, ULEENG3B og ULEMGVF
Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Masteroppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid. Oppgåva skal ha ein klar relevans for skulen, vere fagdidaktisk og knytt til masterfaget. Kunnskapsgrunnlag skal hentast frå masterfaget og pedagogikk og elevkunnskap. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til FoU-arbeid ved Høgskulen i Volda. .
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit avgrensa profesjonsretta forskingsfelt som oppgåva tek opp
- har inngåande kunnskap om aktuell forsking, teori og metode med relevans for problemstillinga i oppgåva
- har inngåande kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg avhandling
Studenten
- kan bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- kan velje relevant kunnskapsgrunnlag og nytte det kritisk som reiskap i forskingsprosjektet
- kan bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
- kan vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt
- kan analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
- kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
I starten av semesteret vert det gjennomført obligatoriske undervisningsdagar.
Oppgåvearbeidet skal gjerast individuelt med rettleiing.
Det vert gjennomført obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting.
- Kontrakten i «Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva» må vere oppfylt.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til all obligatorisk undervisning.
- Bestått karakter på emnet Vitskapsteori og forskingsmetode.
- Aktiv deltaking med presentasjon og drøfting på oppgåveseminar.
Tidspunkt og nærare informasjon for dei ulike delane vert gitt i starten av semesteret.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 25 000 ord ± 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt i starten av emnet. |