Semestre
ULEMGOPPGD Masteroppgåve
For spesialisering i norsk: ULENO3A, ULENO3B ULEMGVF
For spesialisering i matematikk: ULEMA3A, ULEMA3B og ULEMGVF
For spesialisering i samfunnsfag: ULESA3A, ULESA3B og ULEMGVF
For spesialisering i engelsk: ULEENG3A, ULEENG3B, og ULEMGVF
Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Masteroppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid. Oppgåva skal ha ein klar relevans for skulen, vere fagdidaktisk og knytt til masterfaget. Oppgåva i engelsk skal skrivast på engelsk. Kunnskapsgrunnlag skal hentast frå masterfaget og pedagogikk og elevkunnskap. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til FoU-arbeid ved Høgskulen i Volda
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit avgrensa profesjonsretta forskingsfelt som oppgåva tek opp
- har inngåande kunnskap om aktuell forsking, teori og metode med relevans for problemstillinga i oppgåva
- har inngåande kunnskap om formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
Studenten
- kan bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- kan velje relevant kunnskapsgrunnlag og nytte det kritisk som reiskap i forskingsprosjektet
- kan bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
- kan vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt
- kan analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
- kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
I starten av semesteret vert det gjennomført obligatoriske undervisningsdagar.
Oppgåvearbeidet skal gjerast individuelt med rettleiing.
Det vert gjennomført obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting.
- Kontrakten i «Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva» må vere oppfylt.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til all obligatorisk undervisning.
- Bestått karakter på emnet Vitskapsteori og forskingsmetode.
- Aktiv deltaking med presentasjon og drøfting på oppgåveseminar.
Tidspunkt og nærare informasjon for dei ulike delane vert gitt i starten av semesteret.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |