Semestre
ULENO3A Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Ingen.
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg emne som gir studentar teoretisk og empirisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen gir. Det faglege innhaldet er konsentrert om teoretisk og forskingsbasert kunnskap om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og andrespråksdidaktikk, med vekt på analyse og diskusjon av inkluderande og tilpassa pedagogisk praksis. Begynnaropplæring i lesing og skriving for fleirspråklege skulestartarar og nykomne elevar står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
avansert kunnskap om inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen
inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om samanhengar mellom språk og læring
forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitet i den faglege og språklege opplæringa for elevar som held på å lære norsk
inngåande kunnskap om arbeid med utvikling av eit antirasistisk, fleirkulturelt og fleirspråkleg innhald i undervisninga
inngåande profesjonsretta kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
avansert kunnskap om lese- og skriveforsking og didaktiske perspektiv på lese- og skriveutvikling når norsk er andrespråket
Studenten kan
kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av antirasisme, inkluderingsomgrepet og prinsippet om tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar
nytte forskingsbasert kunnskap til å arbeide fram innhald, arbeidsmåtar og organisering som fremjar tilpassa språkleg og fagleg opplæring for fleirspråklege elevar
meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god lese-, skrive-, ordforråds- og omgrepsutvikling for elevar med fleirspråkleg bakgrunn
analysere og nytte relevant kartleggingsverkty i arbeid med tilpassa opplæring for elevar som lærer norsk
nytte språkleg og kulturelt mangfald i arbeid med å tilpasse innhaldet i undervisninga
uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Studenten kan
på ein kvalifisert måte engasjere seg i den faglege og språklege utviklinga som mangfaldet av fleirspråklege elevar kan ha
kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet med særleg merksemd på språkleg og kulturelt elevmangfald, og kan nytte relevant profesjonsfagleg kunnskap som bidrag til nødvendig endring
Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervisning, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Ei individuell, skriftleg oppgåve på 1000 - 1200 ord knytt til analyse av ein empirisk basert vitskapleg artikkel
Eit gruppebasert munnleg innlegg knytt til analyser av språkleg og kulturelt innhald i opplæringa
Deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master
- Undervisning og læring - erfaringsbasert master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |