Semestre

ULMA304 Matematikkens historie, geometri og algebra

Emnekode: 
ULMA304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Matematikken si historie er lang og er på mange område knytt nært opp mot vår kulturelle, samfunnsmessige og historiske utvikling elles. Kunnskap om matematikken si historie er difor viktig for fullt ut å forstå deler av vår generelle historie. Kjennskap til korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg er også nyttig når ein ser på læring i matematikk, og når ein skal forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Det vert i emnet særleg lagt vekt på geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskap

  • om matematikkens historie og den rolla matematikken har spela i den generelle historiske utviklinga
  • om skulematematikkens historiske utvikling
  • i geometri og algebra, om deira plass i skulematematikken og om ulike sider ved det å lære og å undervise geometri og algebra
Ferdigheiter

Studentane skal kunne

  • nytte element frå matematikken si historie for å fremje elevar si læring
  • analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar, særleg innafor algebra og geometri
Generell kompetanse

Studentane kan

  • sjå samanhengen mellom dagens skulematematikk og den historiske matematikken
  • forstå korleis matematikken si historiske utvikling har vore påverka av samfunnet, samstundes som den har vore med å forme samfunnsutviklinga og den skulen vi har i dag. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.

Førebuing til og gjennomføring av munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.

Presentasjon av førsteutkast til ei skriftleg oppgåve (sjå vurdering og eksamen). Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mastergradsstudium undervisning og læring
  • Vidareutdanning i matematikk
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Om lag 4000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det er utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva.