Semestre
ULSP303 Språk- og leseutvikling
Ingen
Studiet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa barnehage og skule har for å gi inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiokulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Studiet vil gi kunnskap om korleis barnehage og skule kan byggje opp den språklege plattforma hos elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg vil matematikkvanskar ha ein viktig plass i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
- ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
- språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse
- elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
- samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
- andrespråksperspektiv på lesing og skriving
Studenten skal
- kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
- legge til rette og vurdere opplegg med tanke på forebygging av skriftspråklege vanskar
- legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvansker, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Studenten skal
- ha kunnskap om språklig utvikling, språkvanskar og betydninga av språkleg kompetanse
- ha kunnskap om elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
- ha kunnskap om lese- og skrivevanskar
- ha kunnskap om andrespråkperspektiv på lesing og skriving
- kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk
- kunne legge tilrette for og vurdere opplegg med tanke på forebygging av skriftspråklege vansker
- kunne legge tilrette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
Arbeidskrav 1:
Digital forteljing knytt til sentrale tema frå emnet. Detaljane i dette arbeidskravet vert gjort greie for ved studiestart.
Arbeidskrav 2:
I tillegg skal det skrivast ei individuell oppgåve på maksimum 2000 ord. Nærare skildring av oppgåva blir gitt ved studiestart.
Obligatorisk frammøte til alle samlingane.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
- Mastergradsstudium undervisning og læring
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Om lag 5000 ord. |