Læringsprosessar og vurderingshandlingar
Formål
Forskargruppa arbeider med forsking inn mot tema læring og vurdering i utdanningsforsking. Forskingsstudiar tek utgangspunkt i ulike tilnærmingar for å studere læring og vurdering i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning. Forskingsstudiar vert gjennomførte gjennom eit samarbeid mellom fagtilsette på dei ulike avdelingane innanfor HVO, i tillegg til at vi samarbeider med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Eit viktig føremål med denne tverrfaglege forskargruppa er å styrke kunnskap om læringsprosessar og vurderingshandlingar i ulike utdanningskontekstar og fag.
Medlemer
Professor Siv M. Gamlem, Institutt for pedagogikk (AHL) (leiar)
Førsteamanuensis Synnøve H. Moltudal, institutt for pedagogikk
Høgskulelektor Lina R. Kobberstad, institutt for pedagogikk
Høgskulelektor Hilde Gry Leer-Salvesen, institutt for pedagogikk
Høgskulelektor Marianne Hustvedt, Institutt for religion og livssyn
Førsteamanuensis Elaheh Tavakoli, institutt for språk og litteratur
Professor Wenke Mork Rogne, Institutt for språk og litteratur
Førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand, Institutt for språk og litteratur
Førstelektor Marit Brekke, Institutt for språk og litteratur
Stipendiat Tara Sapkota, institutt for pedagogikk
Stipendiat Ine Skorbakk, Institutt for realfag
Stipendiat/høgskulelektor Joakim Erik Gustav Olsson, Institutt for digital kompetanse
Stipendiat/høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, Nynorsksenteret
Aktivitetar
Forskingsgruppa har møtepunkt kvar månad. I tillegg har ulike sub-grupper som gjennomfører forskingsprosjekt møtepunkt basert på oppgåver. Medlemmer i forskingsgruppa er aktive med både forsking og utviklingsarbeid og deltek i skuleutviklingsprosjekt. Det vert gjennomført både teoretiske og empiriske studiar. Fleire forskingsartiklar har vorte publisert av medlemmer i gruppa i løpet av dei siste åra, i tillegg har fleire medlemmer artiklar i fagfelleprosess. Medlemmer i forskingsgruppa er også årleg med på eit internasjonalt workshop seminar; «Systematisk observasjon i utdanningsforsking». Dette vert arrangert saman med ei rekkje andre forskarar i Europa. Hausten 2022 arrangerte medlemmer av gruppa den årlege samlinga der forskarar frå åtte land deltok. Samlinga var digital, og gjesteforelesarar var frå USA og Finland.
Prosjekt
Forskargruppa gjennomfører studiar om vurdering, tilbakemeldingar og læringsprosessar i grunnskule, vidaregåande skule og lærarutdanning. Både kvalitative, kvantitative og mixed methods studiar vert anvendt i våre forskingsprosjekt, og vi nyttar klasseromsforsking. Metodar som vert brukt er til dømes spørjeskjema, intervju, høgttenkingsprotokoll og video observasjonar. Medlemmer av forskargruppa arbeider for tida med ulike forskings- og utviklingsprosjekt:
"Kunstig intelligens for vurdering for læring" (AI4AfL). Dette er et nystarta prosjekt med tildeling av støtte frå Norges forskningsråd. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Østfold, Høgskolen i Volda, Halden kommune og Hypatia Learning AS. I dette prosjektet studerer vi vurdering for læring med bruk av kunstig intelligens som utgangspunkt for å styrke læring og undervisning i ungdomsskulen.
"Erfaringar med vurdering og tilbakemelding i høgare utdanning". Dette er eit forskingsprosjekt med mål om å få meir kunnskap om lærarstudentar og lærarutdannarar sine oppfatningar og erfaringar med vurdering i grunnskulelærarutdanninga.
"Lærarstudentar og lærarutdannarar si forståing og erfaring med kunstig intelligens i undervisning og læring". Dette er eit forskingsprosjekt som vert utført i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Melbourne og Universitetet i Oslo, der eit mål er å få meir kunnskap om studentar og grunnskulelærarar sine opplevingar.
Tidligare har vi mellom anna hatt studiar om:
"Tilbakemelding for læring i barneskulen". Dette er eit delprosjekt henta frå DigiHand; eit forskingsprosjekt som fekk støtte frå Norges forskningsråd (2018-2022).
"Kreativitet og vurdering for trivsel i skulen - lærarstudentar sine oppfatningar og erfaringar". Denne studien undersøker eit utval grunnskulelærarstudentar sine oppfatningar og erfaringar om korleis kreativitet og vurdering for trivsel kan fremje læring i skulen.
"Digital læring og vurdering i vidaregåande skule". I dette prosjektet studerte vi elevar og lærarar sine erfaringar med læring og vurdering i ein digital kontekst.
"Responsiv pedagogikk". I dette prosjektet studerte vi korleis tilbakemeldingsinteraksjonar kan styrke elevane sine meistringsforventningar, sjølvregulerte læring, og tilbakemeldingskompetanse
Learning and Assessment
The research group is working on research related to the theme of learning and assessment in educational research. Research studies are based on various approaches to study learning and assessment in primary school, secondary school, and higher education. Research studies are conducted through a collaboration between faculty members from the different departments within HVO, in addition to collaborating with national and international researchers. An important purpose of this interdisciplinary research group is to strengthen knowledge about learning processes and assessment actions in various educational contexts and subjects.
Activities
The research group has monthly meetings. In addition, various sub-groups conducting research projects have meetings based on tasks. Members of the research group are active in both research and development work and participate in school development projects. Both theoretical and empirical studies are conducted. Numerous research articles have been published by members of the group over the past few years, and several members have articles in peer-review process. Members of the research group also annually participate in an international workshop seminar; "Systematic observation in educational research". This is organized together with several other researchers in Europe. In the autumn of 2022, members of the group organized the annual gathering where researchers from eight countries participated. The gathering was digital, and guest lecturers were from the USA and Finland.
Project
The research group conducts studies on assessment, feedback, and learning processes in primary school, secondary school, and teacher education. Both qualitative, quantitative, and mixed methods studies are used in our research projects, and we use classroom research. Methods we use include questionnaires, interviews, think-aloud protocols, and video observations. Members of the research group are currently working with various research and development projects:
"Artificial Intelligence for Assessment for Learning" (AI4AfL). This is a project with a grant from the Research Council of Norway (2022-2015). It is a collaborative project between Østfold University College, Volda University College, Halden Municipality and Hypatia Learning AS. In this project, we study artificial intelligence for assessment for learning as a starting point for strengthening learning and teaching in lower secondary school.
"Experiences with assessment and feedback in higher education". This is a research project with the aim of gaining more knowledge about teacher students' and teacher educators' perceptions and experiences with assessment in primary school teacher education.
"Teacher students and teacher educators' understanding and experience with artificial intelligence in teaching and learning". This is a research project carried out in collaboration with researchers at the University of Melbourne and the University of Oslo, where one goal is to gain more knowledge about students and primary school teachers' experiences.
Previously, we have among other things had studies on:
"Feedback for learning in primary school". This is a subproject from DigiHand; a research project that received funding from The Research Council of Norway (2018-2022).
"Creativity and assessment for wellbeing in school - teacher students' perceptions and experiences". This study investigates a selection of primary school teacher students' perceptions and experiences about how creativity and assessment for wellbeing can promote learning in school.
"Digital learning and assessment in secondary school". In this project, we studied students and teachers' experiences with learning and assessment in a digital context.
"Responsive pedagogy". In this project, we studied how feedback interactions can strengthen students' mastery expectations, self-regulated learning, and feedback competence.
Research group members
Professor Siv M. Gamlem, (leader)
Associate Professor Synnøve H. Moltudal, pedagogy
Assistant Professor Lina R. Kobberstad, pedagogy
Assistant Professor Hilde Gry Leer-Salvesen, pedagogy
Assistant Professor Marianne Hustvedt, religion, pedagogy
Associate Professor Elaheh Tavakoli, English didactics
Professor Wenke M. Rogne, Norwegian didactics
Associate Professor Pernille Fiskerstrand, Norwegian didactics
Assistant Professor Marit Brekke, Literature
PhD Candidate Tara Sapkota, pedagogy
PhD Candidate Ine Skorbakk, Mathematics
PhD Candidate / Assistant Professor Joakim Erik Gustav Olsson, Computer & Science
PhD Candidate / Assistant Professor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, pedagogy