Munnlege ferdigheiter – Oracy
Oppdatert: desember 2024
Mål for arbeidet
Denne forskargruppa tematiserer munnlege ferdigheiter som grunnleggande ferdigheit, særleg prosessar kring utvikling av undervisning- og vurderingspraksisar i skulen.
I strategiplanen til HVO (2022-2029) blir det peika på at høgskulen skal vere med tett på behova i samfunnet innanfor våre fagområde. Høgskulen i Volda har eit særleg ansvar for utdanning av lærarar. Vurdering av munnlege ferdigheiter er eit tema som er lite forska på både nasjonalt og internasjonalt. Vi ønskjer å løfte fagmiljøet – både lokalt og nasjonalt – ved å bygge kunnskap og kompetanse saman med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, som alle interesserer seg for undervisning i og vurdering av munnlege ferdigheiter.
Medlemmer
Ønskjer du å vere ein del av forskargruppa?
Interne medlemmer
- Marit Lovise Brekke (ISL)
- Hjalmar Eiksund (ISL) - leiar
- Håvard Festø (Nynorsksenteret)
- Pernille Fiskerstrand (ISL) - leiar
- Marianne Hustvedt (IRL)
- Lina Rebekka Kobberstad (Ped)
- Wenke Mork Rogne (ISL)
- Jorid Saure (Nynorsksenteret)
- Kristin Kibsgaard Sjøhelle (ISL)
- Guro Tafjord (ISL)
Assosiert medlem
- Marianne Hustvedt (IRL)
Eksterne
- Dorthe Carlsen (UC SYD, Danmark)
- Lene Illum (UC SYD, Danmark)
- Anne Grete Kaldahl (OsloMet)
Publiseringar
Vi har som mål å publisere forskingsresultat som tematiserer munnlege ferdigheiter i norsk skule.
Relevante artiklar frå gruppemedlemmene
Sjøhelle, K. K. & Eiksund, H. (in press). Faglegheit, formidling, interaksjon. Ein modell for undervisning i og vurdering av munnlege ferdigheiter i norskfaget [Vitskapleg artikkel].
Fiskerstrand, P., & Gamlem, S. M. (2024). Mapping oral feedback interactions in young pupils’ writing [Vitskapleg artikkel]. Assessment in Education: Principles, Policy & Practice, 31(3–4), 204–220. https://doi.org/10.1080/0969594X.2024.2386515
Fiskerstrand, P. & Gamlem, S. M. (2023). Instructional feedback to support self-regulated writing in primary school [Vitskapleg artikkel]. Frontiers in Education, 8. https://doi.org/10.3389/feduc.2023.1232529
Oterhals, A. J. & Sjøhelle, K. K. (2022). Aktiv lytting som vurderingskriterium i munnlege ferdigheiter. Norsklæraren, 2022(4), 23–28.
Relevante konferanse- og seminarinnlegg
- 25.–26. oktober 2023, Konferanseinnlegg: NNFF9, Helsinki–Finland
- Wenke Mork Rogne & Julianne Dybvik: «Eg får så vondt når eg skriv!» Unge elevars oppfatning av handskrift og nettbrett i 3. klasse
- Pernille Fiskerstrand & Siv Måseidvåg Gamlem: Feedback for sjølvregulert læring når småskuleelevar skriv
- Kristin Sjøhelle & Hjalmar Eiksund: Verktøy for vurdering av munnlege ferdigheiter i norskfaget - 28.–29. november 2022, Seminarinnlegg: Nettverksamling, Esbjerg–Danmark
- Hjalmar Eiksund, Pernille Fiskerstrand & Kristin Kibsgaard Sjøhelle: Vurderingspraksisar i norsk munnleg - 23. september–1. oktober 2022, Seminarinnlegg: Norsk.no, Forskingsdagane, Volda–Noreg
- Hjalmar Eiksund & Kristin Kibsgaard Sjøhelle: Korleis vurdere norsk munnleg - 26.–27. august 2022, Konferanseinnlegg: LNU-konferansen, Trondheim–Noreg
- Kristin Kibsgaard Sjøhelle & Anne Jorunn Oterhals: Å vurdere munnlege ferdigheiter - kvar er vi og kva gjer vi? - 10.–11. mai 2022, Konferanseinnlegg: Skriv!Les!-konferansen, Trondheim–Noreg
- Kristin Kibsgaard Sjøhelle & Hjalmar Eiksund: Vurderingspraksisar av og i norsk munnleg
Internasjonalt samarbeid
Forskargruppa er medlem av MuMo-nettverket, som involverer forskarar og lærarar frå tre nordiske land: Noreg, Danmark og Sverige. Nettverket er finansiert av Norplus og koordinert av UC Syd i Danmark. MuMo-nettverket har som mål er å styrke og utvikle undervisning i og med munnlegheit gjennom utdanningssamarbeid og og munnlegheitsdidaktikk på tvers av dei nordiske landa.
- 14.–15. november 2024, nettverksamling, Esbjerg–Danmark
- 09. oktober 2024, online-seminar
- 21. mai 2024, online-seminar
- 14.–15. november 2023, nettverksamling, Stavanger–Noreg
- 15. mai 2023, online-seminar
- 28.–29. november 2022, nettverksamling, Esbjerg–Danmark
- 28. oktober 2022, online-seminar
Regionalt samarbeid
Vi har som mål å vidareutvikle samarbeidet Høgskulen i Volda har med skulesektoren. Dei siste åra har fleire av medlemmene vore aktive i ulike Dekomp-prosjektarbeid knytt til vidaregåande skular i Møre og Romsdal, til dømes prosjekt som tematiserer munnlegheit og vurdering.
Søknad til NFR
Forskingsgruppa har som eit uttalt mål å søkje NFR om midlar til eit eige forskingsprosjekt med arbeidstittel Oracy-UP. Samarbeidsinstitusjonane våre, OsloMet og UC Syd og nettverket MuMo, er viktige medspelarar i denne søknaden.
- Søknad til NFR (2025)
- Søknad til NFR (2024) - AVSLAG
- Søknad om såkornmidlar (2024) - TILDELT
- Søknad om såkornmidlar (2023) - TILDELT
Advisory board:
- Synnøve Matre (NTNU)
- Peter Dudley (University of Cambridge, UK)
- Neil Mercer (University of Cambridge, UK)