Juss

Formål

Forskergruppa har som formål å danne ein arena og eit fellesskap for forskarar med interesse for juridisk forsking. Gruppa skal dele, drøfte og produsere forskingsbasert kunnskap om ulike juridiske tema. Gruppa søker å bidra med ny og relevant forskning innenfor de juridiske fagdisiplinene som det undervises i ved Høgskulen i Volda.

Medlemer

Carien Hedvig Passchier Lærum

Hege Robudal Stenkløv

Egil Arne Standal

Margrethe Homlong Øyehaug

Bernt Olav Øvregaard

Ingvild Sande Lillebø

Ellen Lexerød Hovlid (leiar)

Aktivitetar

Forskingsgruppa møtast normalt ein gong i månaden. På slutten av kvart semester leggast møteplan for neste semester. Møta nyttast til fagleg oppdatering på forskingsarbeid internt i forskingsgruppa gjennom lesing og respons knytt til forskingsarbeid. På møta drøftast også nye, vesentlege forskingspublikasjonar skrevne av andre. 

Gruppa samarbeidar med juristane ved Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet. Normalt samlas alle til eit felles, todagers seminar kvart semester. Her utvekslar medlemmane også tekstar, idéar og erfaringer med forskningsarbeid. 

Prosjekt

Medlemmane vurderer til ei kvar tid etablering eller tilknyting av relevante prosjekt for forskingsgruppa. Dette kan omfatte samarbeidsprosjekt for delar eller heile forskingsgruppa internt eller i samarbeid med eksterne partar. Etter vedtak i forskingsgruppa kan ein støtte prosjekt økonomisk.