Forskingsgruppe for litteratur

Fagleg formål

Gruppa skal vere eit forum for litteraturvitskap og tekstlesing i ulike fag. Ho samlar i dag fagfolk frå fire seksjonar/institutt, men er open for fleire tverrfaglege synergiar. Vi arbeider med teksttolking, kontekstuelle analyser, teoretiske og metodiske problemstillingar. Det er eit hovudmål at medlemmane skal få rettleiing og respons på undervegs-arbeid, og få inspirasjon til framtidige prosjekt. Dessutan skal gruppa halde kvarandre informert om aktuelle forskingssamarbeid, prosjektutlysingar, og nyttige nettverk. Der det er ønskeleg vil vi søke interne eller eksterne midlar for meir formaliserte samarbeidsprosjekt. I tillegg er det eit mål å integrere masterstudentar og PhD-stipendiatar i forskingsgruppa.

 

Aktivitetar

På kvart møte vil ein eller to medlemmar (eller gjester) presentere pågåande FoU-arbeid, til dømes utkast til artikkel, idé til bok, søknad om forskingsmidlar eller komande foredrag. Dette er ikkje ferdige arbeid, men ein kladd som ein kan drøfte med fagfeller for å få nyttige innspel i prosessen.

 

Prosjekt som medlemmar i gruppa tek del i

DARIAH-EU Women Writers in History: Professor Marie Nedregotten Sørbø er med i styret, og samarbeider med  kollegaer frå heile Europa for å sikre at den felles databasen NEWW Women Writers blir vidareutvikla for framtidige forskingsprosjekt. Arbeidsgruppa samlar om lag 90 forskarar frå fleire fag, og er utgangspunkt for nye prosjektsatsingar og samarbeid.

HERA Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe: Professor Marie Nedregotten Sørbø var norsk ‘Principal Investigator’ i prosjektet, som gjekk frå 2013-16. Elise Fugledal og Hege Lende Sørbråten var forskingsassistentar. Teamet bak HERA Travelling Texts er no i etterarbeidsfasen der det blir skrive og publisert artiklar og bøker. Prosjektet er HVO sitt einaste EU-finansierte prosjekt. Dette arbeidet går vidare i nye satsingar.

Leiing

Marie Nedregotten Sørbø (professor, leiar)
Brage Herlofsen (høgskulelektor, nestleiar)

Medlemmer

Bente Afset (pensjonert førstelektor, religion og livssyn)
Farzad Boobani (førsteamanuensis, engelsk)
Åsa Sundnes Bruheim (høgskulelektor, engelsk)
Elise Fugledal (PhD stipendiat, norsk)
Yasemin Hacioglu (førsteamanuensis, engelsk)
Irene Hareide (førsteamanuensis, norsk)
Sondre Kvamme (høgskulelektor, norsk)
Kjetil Myskja (førstelektor, engelsk)
Hege Lende Sørbråten (høgskulelektor, norsk)
Hilde Thomassen (høgskulelektor, norsk)
Anemari Neple (førsteamanuensis, norsk)
Siri Vågene (høgskulelektor, norsk)

Assosiert medlem: 
Marit Brekke (førstelektor, norsk)
 

I tillegg er det fleire masterstudentar med i gruppa.