FoU-prisen ved Høgskulen i Volda
På styremøte 28.10.05 vart det vedtatt å opprette ein FoU-pris for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. HVO har frå før oppretta ein pris for godt læringsmiljø.
Målet med prisen for forsking og utvikling (FoU) er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.
Alle tilsette, studentar, formelle organ ved høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje kandidatar til prisen. Meir informasjon i Retningslinjer for tildeling. FoU-prisen vert delt ut under Forskingsdagane i Volda, som føregår kvart år i september.
FoU-prisvinnar 2024: Knut-Willy Sæther
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda blei delt ut fredag 20. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2024, og gjekk til professor Knut-Willy Sæther ved Institutt for religion og livssyn, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
FoU-prisvinnar 2023: Marie Nedregotten Sørbø
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda blei delt ut fredag 22. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2023, og gjekk til professor Marie Nedregotten Sørbø ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
FoU-prisvinnar 2022: Helga Synnevåg Løvoll
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 23. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2022, og gjekk til professor Helga Synnevåg Løvoll ved Avdeling for kulturfag.
FoU-prisvinnar 2021: Roar Amdam
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 24. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2021, og gjekk til professor Roar Amdam ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
FoU-prisvinnar 2020: Inger Marie Okkenhaug
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 18. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2020, og gjekk til professor Inger Marie Okkenhaug ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
FoU-prisvinnar 2019: Jan Inge Sørbø
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 20. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2019, og gjekk til professor Jan Inge Sørbø ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
FoU-prisvinnar 2018: Siv Måseidvåg Gamlem
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 21. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2018, og gjekk til førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 22. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2017, og gjekk til professor Tor Arne Haugen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
FoU-prisvinnar 2016: Reidun Aambø
Forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart delt ut fredag 23. september i samband med opninga av Forskingsdagane 2016, og gjekk til førstelektor Reidun Aambø ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Tidlegare FoU-prisvinnarar
2015: Kåre Heggen
FoU-prisen for 2015 gjekk til professor Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag og historie. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Kåre Heggen har ein betydeleg fagproduksjon innanfor feltet utdannings- og profesjonsforsking. Han har vore med i offentlege utval, og står i fronten når det gjeld kunnskap om forholdet mellom profesjon, kunnskap og utdanning. Han har også i mange år hatt ein viktig brubyggjar-funksjon i forhold til miljøet ved Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som har vore viktig både for faginnhaldet i masterutdanninga i helse- og sosialfag og som komponent i den nye PhD-utdanninga ved Høgskulen i Volda.
2014: Internasjonalt, tverrfagleg prosjekt om medieforsking ved Avdeling for mediefag 2004-2014
FoU-prisen for 2014 gjekk til internasjonalt, tverrfagleg prosjekt om medieforsking ved Avdeling for mediefag 2004-2014, og som no er samla i prosjektet med tittelen Media and the Second Cold War 1975-1991. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at prosjekta har gjeve tilbod om deltaking på ulike faglege nivå med felles målsetting om kompetanseheving: Prosjekta har vore tverrfaglege med ei internasjonal og konferanseorientert tilnærming, og har vore med på å byggje opp og delta i både eit nasjonalt og eit internasjonalt forskarnettverk.
2013: Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK)
I 2013 gjekk FoU-prisen til Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK). Instituttet har klart å skape eit FoU-miljø som er inspirerande og støttande. Resultatet av dette er stor vitskapleg produksjon gjennom mange år. I dag publiserer alle tilsette ved instituttet vitskapleg. Gjennom støtte, entusiasme og gode samarbeids–modellar blir yngre og mindre erfarne forskarar dregne inn i eit produserande fellesskap.
2012: Jørgen Amdam
Jørgen Amdam er professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon. Han fekk prisen for sin store arbeidskapasitet og engasjement for faget, studentane og høgskulen. Gjennom sitt arbeid har han medverka i FoU-arbeid med stor relevans for både Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Han har hatt mange faglege og fagpolitiske verv. Han vert òg framheva som ein raus og inkluderande person, med gode evner som miljøbyggjar og inspirator internt ved høgskulen.
2011: Historisk institutt
For første gong gjekk prisen til eit fagmiljø. Instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet. Arbeidet femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokal-historisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.
2010: Tor-Johan Ekeland
Tor-Johan Ekeland er professor i sosialpsykologi. Han arbeider no med klinisk autonomi, brukarorientert samhandling og kunnskapsteori og praksis – i hovudsak relatert til psykisk helsevern. Ekeland er ein produktiv forfattar, og heilt sidan tidleg på 1980-talet har han publiserte ei rekkje fagbøker, lærebøker og artiklar.
2009: Michael Schulte
Michael Schulte er professor i nordisk språkvitskap. Han har ein svært omfattande fagleg produksjon med ei rad artiklar på høgt internasjonalt nivå, og han er sentral i oppbygginga av eit miljø kring språkhistorie, skriftkultur og literacy-forsking både i Noreg og Skandinavia.
2008: Finn Ove Båtevik
Finn Ove Båtevik er forskar ved Møreforsking Volda. Han er ein allsidig forskar med brei kompetanse og har arbeidd med prosjekt knytt til begge Møreforsking Volda sine satsingsområde: Velferd og regionalforsking.
2007: Peder Haug
Peder Haug er professor i pedagogikk. Han er ein av dei mest aktive forskarane i Noreg på området spesialundervisning og tilpassa opplæring.
2006: Jostein Fet
Jostein Fet er litteratur- og kulturforskar. Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, og kan vise til forsking som har lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie.