Munnlege ferdigheiter - Oracy

Medlemmer

Interne: 

Assosierte medlemmer:

Eksterne: 

  • Peter Dudley (University of Cambridge, UK)
  • Neil Mercer (University of Cambridge, UK)
  • Dorthe Carlsen (UC SYD, Danmark)
  • Anne Grete Kaldahl (OsloMet)
  • Lene Illum Skov (UC SYD, Danmark)

Vil du vere med i forskargruppa? Ta gjerne kontakt med ein av leiarane, Hjalmar Eiksund eller Pernille Fiskerstrand.

Mål for arbeidet 

Denne forskargruppa tematiserer munnlege ferdigheiter som grunnleggande ferdigheit, særleg prosessar kring utvikling av undervisning- og vurderingspraksisar i skulen.

strategiplanen til HVO (2022-2029) blir det peika på at høgskulen skal vere med tett på behova i samfunnet innanfor våre fagområde. Høgskulen i Volda har eit særleg ansvar for utdanning av lærarar. Vurdering av munnlege ferdigheiter er eit tema som er lite forska på både nasjonalt og internasjonalt. Vi ønskjer å løfte fagmiljøet – både lokalt og nasjonalt – ved å bygge kunnskap og kompetanse saman med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, som alle interesserer seg for undervisning i og vurdering av munnlege ferdigheiter.  

Prosjekt

    Søknad til NFR: Forskingsgruppa har som eit uttalt mål å søkje NFR om midlar til eit eige forskingsprosjekt med arbeidstittel Oracy-UP. Samarbeidsinstitusjonane våre, OsloMet og UC Syd og nettverket MuMo, er viktige medspelarar i denne søknaden. 

    Aktivitetar

    • Søknad til NFR (2024) - LEVERT
    • Søknad om såkornmidlar (2024) - TILDELT
    • Søknad om såkornmidlar (2023) - TILDELT

    Internasjonalt samarbeid: Forskargruppa er medlem av MuMo-nettverket, som involverer forskarar og lærarar frå tre nordiske land: Noreg, Danmark og Sverige. Nettverket er finansiert av Norplus og koordinert av UC Syd i Danmark. MuMo-nettverket har som mål er å styrke og utvikle undervisning i og med munnlegheit gjennom utdanningssamarbeid og og munnlegheitsdidaktikk på tvers av dei nordiske landa.

    Aktivitetar:

    • 14.–15. november 2023, Nettverksamling, Stavanger
    • 28.–29. november 2022, Seminarinnlegg under Nettverksamling, Esbjerg, Danmark

    Regionalt samarbeid: Vi har som mål å vidareutvikle samarbeidet Høgskulen i Volda har med skulesektoren. Dei siste åra har fleire av medlemmene vore aktive i ulike Dekomp-prosjektarbeid knytt til vidaregåande skular i Møre og Romsdal, til dømes prosjekt som tematiserer munnlegheit og vurdering.

    Aktitivetar

    Frå desse prosjekta har det vokse fram fleire forskingsprosjekt. Resultata frå desse samarbeida har vore lagt fram ved forskingskonferansar og faglege seminardagar: