Retningslinjer for FoU-stipend
Reviderte retningslinjer for søknad og tildeling av FoU-stipend ved HVO vart vedteke i Forskingutvalet 28.januar 2021.
Aktuell søkjargruppe:
- Fagleg personale fast tilsett i minst 50 prosent stilling. FoU-stipenda skal medverke til kompetanseutvikling utover høgskulelektornivå eller tilsvarande.
Føremål:
- Drive forsking og utviklingsarbeid saman med eventuell anna verksemd som byggjer opp den faglege og pedagogiske kompetansen for den enkelte og for institusjonen.
- FoU-stipenda skal føre til tydelege resultat frå det faglege og/eller kunstnarlege arbeidet i form av publikasjonar o.l.
Innhald i søknaden:
- Formål og opplegg for FoU-stipendet - max. 2 sider.
- Tidsrom for frikjøp (vår eller haust påfølgande år). Dette må vere avklart med næraste leiar.
- Eventuelle andre finansieringskjelder dersom det er naudsynt ifølge opplegget (t.d. utanlandsopphald eller datainnsamling).
- Tidlegare tildelt(e) FoU-stipend.
Sakshandsaming:
- Avdelinga kvalitetssikrar og prioriterer innkomne søknader ut frå vitskapleg kvalitet og relevans for avdelinga sine fagområde, arbeidssituasjonen i avdelinga og strategiske satsingsområde. Prioriteringa er rådgjevande.
- Forskingsutvalet tildeler FoU-stipenda.
Kriterium for prioritering av søknadene:
- Grad av oppfylling av føremåla med ordninga.
- Søknadens kvalitet og føresetnader for gjennomføring.
- Kvinner og menn vert gitt like moglegheiter (jf. Rammeavtale om likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet), og Høgskulen i Volda har strategiske mål om å få fleire kvinner med toppkompetanse.
- Relevans for høgskulens strategiplan.
- Tidlegare tildelingar og tenestetid.
- Relevans i høve til fagleg kompetanseutvikling for personalet ved HVO.
Vilkår for tildeling:
- Det må verte skaffa kvalifisert vikar for den som går inn i FoU-stipend.
- Stipendmottakar forpliktar seg til å vere med på oppstartsseminar for FoUstipendmottakarar og ha ei midtvegssamtale med dekan og forskingssjef.
- Stipendmottakaren skal levere skriftleg rapport om gjennomføring til Forskingsadministrasjonen når lenke til rapporteringsskjema vert sendt ut.
- Ved eventuelle endringar av planlagt stipendbruk skal stipendmottakaren søkje avdelinga og Forskingsadministrasjonen om godkjenning av dette i god tid.