FoU-stipend 

Faglege tilsette i minimum 50% fast stilling ved Høgskulen i Volda kan etter søknad bli tildelt FoU-stipend for eitt semester. 

Formålet med FoU-stipenda er å gi samanhengande tid til å drive forsking og utviklingsarbeid. Dette arbeidet skal bygge kompetanse for den enkelte og for institusjonen, og det gjeld først og fremst kompetanseutvikling utover høgskulelektornivå eller tilsvarande. FoU-stipenda skal føre til tydelege resultat i form av publikasjonar og liknande. 

Det er eit vilkår for å få tildelt FoU-stipendet at ein har ordna med frikjøp frå undervisningsdelen av stillinga si, til dømes ved at det vert tilsett vikar. Tidsrommet for frikjøpet (vår eller haust påfølgande år) må difor vere avklart med næraste leiar. Sjå også Retningslinjer for FoU-stipend.

Midlane vert delt ut av Forskingsutvalet etter kvalitetssikring og prioritering frå avdelingane.

Søknadsfrist: 14. mars 2024 for uttak av stipend våren eller hausten 2025. FoU-søknadene vert handsama i Forskingsutvalet i aprilmøtet.