Praktisk informasjon

Tips og nyttige lenkar

Ein del praktiske spørsmål følgjer med eit lengre forskingsopphald i utlandet, og det er lurt å starte planlegginga i god tid. Hugs å undersøke:

Opphaldsløyve og visum

Du vil finne relevant informasjon på Noregs nasjonale portal for forskarmobilitet (euraxess.no), særleg om reisa går til eit europeisk land. I tillegg vil mottakande institusjon, ambassaden (regjeringa.no), og UDs lands- og reiseinformasjon (landinfo.no) vere nyttig å undersøke før utanlandsopphaldet.

Flyttemelding

Folkeregisteret skal ha melding om flytting frå Noreg (skatteetaten.no) dersom du skal opphalde deg i utlandet i minst seks månader, og dersom ingen i familien blir buande i bustaden. Les meir om flytting på euraxess.no

Trygderettar

Både helseforsikring, pensjonsopptening i folketrygda, forsikring i Statens pensjonskasse, og stønadsordningar for foreldre er knytt til medlemskap i folketrygda. Derfor kan det vere aktuelt å undersøke om du beheld medlemskapet i norsk folketrygd under utanlandsopphaldet. Les meir her.

Skatt

Forskingsstipend er skattepliktig. Stipend som blir gitt i tilknyting arbeidsforhold vert rekna som skattepliktig inntekt. Det blir likevel gitt frådrag for utgifter som skal dekke føremålet med stipendet. Les meir her.

Andre nyttige lenkar om skatt: 

Skatteavtaler mellom Noreg og andre statar for å unngå dobbeltbeskatning

Skattefritak for opphald i USA i inntil to år

Skatteetaten sine nettsider

Informasjon til personar som er busett i eit nordisk land og har inntekter eller eigedom i eit anna nordisk land

Særreglar for personar som er skattemessig busette i Noreg ein del av året

Forsikringar

Om Forsikrings- og erstatningsordningar i staten: Kapittel 4 i Statens personalhandbok. Om forsikringar på reiser utanlands: Utanlandsregulativ § 13 i Statens personalhandbok

Lov om yrkesskadeforsikring

Anna:

  • Undersøk moglegheitene for finansiering.
  • Undersøk moglegheitene for å finne bustad der du skal reise.
  • Vurder tidspunkt som passar med eit utanlandsopphald. Opphaldet må passe i høve pliktarbeid, datainnsamling og andre aktivitetar.
  • Eit relevant og godt fagmiljø er viktig. Val av institusjon må vere gjennomtenkt og bør eventuelt veljast i samarbeid med rettleiar.

Andre finansieringskjelder

  • Erasmus+: For opphald av kortare varigheit (2-7 dagar) viser vi til ordninga med Erasmus+. Tilsette kan søkje stipend til kortare undervisnings- eller opplæringsopphald ved eit universitet eller ei bedrift/organisasjon i Europa. Les meir om ordninga her, eller kontakt Internasjonalt kontor.
  • Fulbright: Fulbright tilbyr studentstipend og forskingsstipend i USA. Gjeld alle fagfelt. Les meir om ordninga her. Søknadsfrist 1. oktober 2024 for skuleåret 2025-2026. Det gjeld både forskar- og studentstipend (doktorgradskandidatar).
  • NORAM: NORAM tilbyr stipend til forskarar, ph.d.- og masterstudentar i USA eller Canada. Les meir om ordninga her
  • Forskningsrådet sine stipendordningar: Støtte til utanlandsopphald for forskarar og stipendiatar. I hovudsak for dei som allereie er knytt til eit NFR-finansiert prosjekt. 
  • Berlin-stipend "Residens i Residensen: Stipend i regi av Noregs ambassade i Berlin, som rettar seg mot kuratorar, kunstnarar og andre kulturutøvarar. Ein kan søkje støtte til eit opphald i Berlin på 1-2 veker. Søknadsfrist er 30. juni 2024.
  • The British Academy: Stipend for opphald på opptil seks månader i Storbritannia. Gjeld samfunnsfag og humaniora. Søknadsfrist 23. oktober 2024. Les meir om programmet her
  • I Legathandboka og Euraxess sin søkeportal kan ein finne ulike legat og stipendordningar.
  • På Forskingsrådet sine nettsider kan ein finne informasjon om internasjonale midlar.