Forskingsetikk

Forskingsetikk skal vere ein integrert del av all forsking ved Høgskulen i Volda. Vi legg til grunn at forsking skal vere open, uavhengig, sannferdig og kritisk. 

Omgrepet forskingsetikk viser til lovar og retningslinjer, men handlar også om haldningar, kultur og god vitskapleg praksis. Forskingsetikk inkluderer også metodiske normer om fagleg integritet og etterprøvbare resultat i forskinga. 

Kvar enkelt forskar har ansvar for at forskingsverksemda deira vert utført i samsvar med lovar og retningslinjer og følgjer god forskingsskikk. Høgskulen i Volda har ansvar for at alle som driv forsking har fått naudsynt opplæring i anerkjente forskingsetiske normer. Behov for opplæring kan meldast til Forskingsadministrasjonen

Forskingsetikk vert regulert av både nasjonale og internasjonale lovar og retningslinjer. 

Rettmessig forfattarskap 

I samband med publisering kan det oppstå usemje om medforfattarskap. Det finst internasjonale tilrådingar for medforfattarskap - dei såkalte Vancouver-anbefalingane. Desse har vorte omsett til norsk av Tidsskrift for den norske legeforening og kan oppsummerast slik:

Ifølge Vancouver-tilrådingane for forfattarskap skal alle medforfattarar bidra på desse fire punkta:

  1. gi vesentlege bidrag til idéen eller designet av arbeidet; eller innsamling av data, analyse av data eller fortolking av data for arbeidet, OG
  2. delta i utarbeidinga av manuskriptet eller den kritiske revisjonen av dets intellektuelle innhald, OG
  3. gi ei endeleg godkjenning av manuskriptversjonen som skal publiserast, OG
  4. sikre at spørsmål knytt til nøyaktigheit og integritet i alle delar av arbeidet er formålstenleg undersøkt og løyst, og gi samtykke til å stå ansvarleg for alle aspekt ved arbeidet.

Nyttige lenker

Kontaktperson ved Høgskulen i Volda

Lokal kontaktperson i slike saker er forskingssjef Henriette Hafsaas

Brot på forskingsetiske normer

Meld frå om moglege brot på anerkjente forskingsetiske retningslinjer her.