Handtering, arkivering og deling av data
Gode rutinar for handtering av data er viktig for at forskingsdata skal vere mogleg å forstå og bruke på nytt i ettertida. Opne data krev god handtering gjennom heile forskingsdatasyklusen. Dette inkluderer bl.a. dokumentasjon av data, organisering, og omsyn til informasjonstryggleik, personvern og etikk.
Datahandteringsplan
Ein datahandteringsplan (DMP) er eit verktøy som kan hjelpe deg å planlegge korleis data skal verte handtert undervegs i forskingsprosjektet. Planen skal vere eit levande dokument som kan gi oversikt over kva typar data som vert samla inn, kor dataene skal lagrast, kven som skal ha tilgang til dataene, samt korleis dei skal arkiverast og eventuelt gjerast tilgjengelege for gjenbruk. Planen kan også vere eit hjelpemiddel for å planlegge sikker behandling av personopplysingar, og hjelpe til å avdekke utfordringar knytt til eigarskap, kostnadar og ansvarsfordeling.
Prosjekt med finansiering frå NFR skal levere datahandteringsplan ved revidering av søknad. Horizon Europe krev også DMP for prosjekt som genererer eller gjenbruker data. Les meir om datahandteringsplanar på nettsida openscience eller Forskingsrådet.
Døme på verktøy som kan hjelpe deg å sette opp ein datahandteringsplan:
Arkivering og deling av forskingsdata
Betre tilgang til forskingsdata kan styrke forskingskvaliteten, både ved å fremme transparens og at resultat kan etterprøvast, i tillegg til at datasett kan verte brukt på nye måtar. Det kan også gje auka synlegheit og sikker lagring for ettertida. Publisering av data etter prosjektslutt skjer normalt ved arkivering i eit godkjent forskingsdataarkiv.
For NFR-prosjekt er det som hovudregel opp til FoU-utførande verksemd å avgjere arkivløysing. Når det er føremålstenleg, kan NFR pålegge å lagre data og/eller metadata i bestemte dataarkiv.
HVO ønskjer at forskingsdata skal arkiverast og gjerast tilgjengeleg for gjenbruk, så lenge det ikkje er juridiske eller forskingsetiske årsaker til hinder for dette. HVO har pr. i dag ikkje ei eiga arkiveringsløysing for forskingsdata. Om ikkje prosjektet har tilknyting til ei særskild arkivløysing, tilrår vi at tilsette arkiverer data hjå NSD. Sjå rutine for arkivering/langtidslagring av forskingsprosjekt under personopplysingslova her. Gjennom tenesta re3data kan ein også søke etter dataarkiv innanfor eige fagfelt og forskingsområde.