Hjelp til registrering i Cristin

Frist for registrering i Cristin for arbeid som vart publisert/framvist i fjor, er 15. januar.
Arbeid som vert gjort ferdig seinare i år kan registrerast seinare. 

Pålogging skjer via Feide - Logg inn 
Du loggar deg på med same brukarnamn og passord som når du loggar deg på PC'en.

 

Viktig:

  • Berre arbeid som er publisert/framvist skal registrerast i Cristin.
  • Det er berre FoU-arbeid som skal registrerast. Kurs og undervisning gjev ikkje FoU-poeng, og skal heller ikkje registrerast i Cristin. Dersom du held eit kurs som er av eit slikt fagleg omfang at det er uklart om det kan reknast som eit reint kurs, kan du ta kontakt med FoU-adm. for ei vurdering.
  • Fyll inn så mykje informasjon som muleg. Dette vil gjere det enklere å søkje opp arbeidet ditt, og dessutan å vurdere kor mange FoU-poeng arbeidet skal få.


Korleis du skal gå fram for å registre går fram av denne Power point-presentasjonen: Registrere i Cristin

Dette er ikkje ein fullstendig steg-for-steg instruksjon, men er meint å hjelpe deg i gang. Det er lurt å sjå gjennom delpresentasjonane for tidsskrift, fordi mykje av informasjonen her gjeld for ein del av dei andre kategoriene også.


For power point-presentasjonen:
Når du har gått gjennom den første registreringsmenyen (forfatternamn, adresse, tittel, etc.) kjem du til ein Hovudmeny med fleire bilde. Desse kan du klikke på for å kome direkte til den kategorien du ønskjer hjelp til å registrere i. Når ordet Meny dukkar opp i blått i nedste høgre hjørne er delpresentasjonen ferdig, og om du trykkjer på denne kjem du direkte tilbake til Hovudmenyen.

For å hoppe direkte til Hovudmenyen når du åpner fila så trykkjer du på den raude rundingen i Cristin-logoen på framsida/ første sida.

 

Om du treng vidare hjelp så ta kontakt med Forskingsrådgivar Geir Tangen

 

Vanlege problem ein kan møte på under registrering/Cristin:

  • Eg har ein anna institusjon tilknytt namnet mitt, kva gjer eg?

Du kan ta kontakt med institusjonen, eller superbrukar Geir for hjelp. Om institusjonen skal vere der (ved delt arbeidsstad) kan du klikke på "huset" til høgre, og endre tilhørigheit for denne registreringa. Det er tilfeldig kva for ein institusjon som kjem først på lista når du har fleire.

Hus_Cristin

  • Eg får ikkje logga på

Det kan vere eit problem med brukarnamn (feide). Ta kontakt med superbrukar Geir.

  • Eg har ikkje Cristinbrukar

Superbrukar må lage ein brukar til deg. Ta kontakt med Geir.