Retningslinjer for FoU-stipend

Reviderte retningslinjer for søknad og tildeling av FoU-stipend ved HVO vart vedteke i Forskingutvalet 28.januar 2021.

 

Aktuell søkjargruppe:  

  • Fagleg personale fast tilsett i minst 50 prosent stilling. FoU-stipenda skal medverke til kompetanseutvikling utover høgskulelektornivå eller tilsvarande.  

Føremål:  

  • Drive forsking og utviklingsarbeid saman med eventuell anna verksemd som byggjer opp den faglege og pedagogiske kompetansen for den enkelte og for institusjonen.  
  • FoU-stipenda skal føre til tydelege resultat frå det faglege og/eller kunstnarlege arbeidet i form av publikasjonar o.l. 

Innhald i søknaden:

  • Formål og opplegg for FoU-stipendet - max. 2 sider.  
  • Tidsrom for frikjøp (vår eller haust påfølgande år). Dette må vere avklart med næraste leiar. 
  • Eventuelle andre finansieringskjelder dersom det er naudsynt ifølge opplegget (t.d. utanlandsopphald eller datainnsamling).  
  • Tidlegare tildelt(e) FoU-stipend. 

Sakshandsaming:  

  • Avdelinga kvalitetssikrar og prioriterer innkomne søknader ut frå vitskapleg kvalitet og relevans for avdelinga sine fagområde, arbeidssituasjonen i avdelinga og strategiske satsingsområde. Prioriteringa er rådgjevande.  
  • Forskingsutvalet tildeler FoU-stipenda.  

Kriterium for prioritering av søknadene:  

  • Grad av oppfylling av føremåla med ordninga.  
  • Søknadens kvalitet og føresetnader for gjennomføring.  
  • Kvinner og menn vert gitt like moglegheiter (jf. Rammeavtale om likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet), og Høgskulen i Volda har strategiske mål om å få fleire kvinner med toppkompetanse.  
  • Relevans for høgskulens strategiplan.  
  • Tidlegare tildelingar og tenestetid.  
  • Relevans i høve til fagleg kompetanseutvikling for personalet ved HVO.  

Vilkår for tildeling:  

  • Det må verte skaffa kvalifisert vikar for den som går inn i FoU-stipend.  
  • Stipendmottakar forpliktar seg til å vere med på oppstartsseminar for FoUstipendmottakarar og ha ei midtvegssamtale med dekan og forskingssjef.  
  • Stipendmottakaren skal levere skriftleg rapport om gjennomføring til Forskingsadministrasjonen når lenke til rapporteringsskjema vert sendt ut. 
  • Ved eventuelle endringar av planlagt stipendbruk skal stipendmottakaren søkje avdelinga og Forskingsadministrasjonen om godkjenning av dette i god tid.