Erasmus+

Tilsette ved HVO kan søkje om Erasmus+ stipend frå Internasjonalt kontor. Desse stipenda kan tildelast for utanlandsopphald i Europa, samt for nokre enkeltland utanfor Europa der HVO har fått Erasmus+ midlar (normalt Russland, India, etc.). HVO får kvart studieår tildelt om lag 40 Erasmus+ stipend som vi kan gi til tilsette. Søknader sendast på e-post til Internasjonalt kontor.
 
Stipendet frå Erasmus+ er utrekna frå faste satsar for reise og opphald. Det er som oftast slik at stipendet ikkje dekker alle utgiftene, så den tilsette må passe på at seksjon/institutt/avdeling er villig til å dekkje evt. overskytande kostnader. Den tilsette søkjer reiserefusjon til si eining som vanleg for å få utbetalt stipendet.
 
Tilsette kan søkje om tre ulike typar Erasmus+ stipend:
 
Erasmus+ stipend for opplæring (Staff Training) – kan tildelast både administrativt og fagleg tilsette for å vitje ein institusjon/organisasjon/bedrift i Europa for å få opplæring eller kompetanseheving. Det er eit krav om opphald på minimum 2 dagar. Det er ikkje eit krav at vertsinstitusjonen er eit universitet eller at vertsinstitusjonen har avtale med HVO, men Internasjonalt kontor vil normalt prioritere søknader knytt til eksisterande universitetssamarbeid i Europa.
 
Erasmus+ stipend for undervisning (Staff Teaching) – kan tildelast fagleg tilsette for å undervise ved eit av HVO sine Erasmus+ partnaruniversitet i utlandet. Erasmus+ programmet stiller krav til minimum 8 timar med undervisning, men dei fleste tolkar her også annan type studentkontakt utanom reine forelesingar og møter med fagmiljø inn i desse timane.
 
Erasmus+ stipend for innreisande gjesteførelesarar -  kan tildelast innreisande gjesteførelesarar til HVO som kjem frå ein institusjon/organisasjon/bedrift i Europa som ikkje sjølve har Erasmus+ stipend. Erasmus+ programmet stiller krav til minimum 8 timar med undervisning, men vi tolkar her også annan type studentkontakt utanom reine forelesingar og møter med fagmiljø inn i desse timane.
 
Du kan lese meir om ordninga her
Kontakt Internasjonalt kontor