Tre HVO-forfattarar i ny bok om juss for ikkje-juristar
Juss er ein viktig byggjekloss i både medie- og samfunnsfaga ved Høgskulen i Volda (HVO). Erfaringa som juristmiljøet ved HVO har fått med å undervise tverrfagleg juss, har blitt til tre bidrag i ei ny bok.

HVO-forfattarane og juristane som har bidrege i den nye boka. F.v.: professor Ellen Lexerød Hovlid, førsteamanuensis Egil Arne Standal og høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø. Foto: HVO.
Når den vitskaplege boka Undervisning i rettsvitenskap for de som ikke skal bli jurister (Fagbokforlaget) blir lansert denne veka, er heile tre av medforfattarane frå Høgskulen i Volda (HVO).
Alle tre er juristar frå kvar sine fagmiljø ved HVO: professor Ellen Lexerød Hovlid ved Institutt for journalistikk, førsteamanuensis Egil Arne Standal ved Institutt for sosialfag og høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag (IPAS).
Den raude tråden i boka er korleis ein formidlar rettsvitskap til studentar som ikkje skal bli juristar, og ei rekkje forskarar og undervisarar frå heile Skandinavia har bidrege med i alt 24 kapittel.
Drøftar jussen i aktuelle pressesaker
Ellen Lexerød Hovlid har skrive eit kapittel om bruk av omvend undervisning for journalistikkstudentar.
– Eg praktiserte i mange år «tradisjonell» førelesingsundervisning, men i 2021 la eg om til såkalla omvend, case-basert undervisning. Bokkapittelet mitt handlar om korleis eg gjorde det, og korleis studentane har respondert på denne typen undervisning i emneevalueringane, fortel ho.
Professoren på mediefag la om undervisninga fordi ho merka at studentane syntest juss var vanskeleg, og at dei etterlyste meir arbeid med praktiske casar for å forstå stoffet. Endringa har studentane likt godt.
– No ser dei videoførelesingar heime og les eit kapittel i pensum før vi treffest på skulen og jobbar med konkrete, aktuelle casar. I år har vi til dømes arbeidd med pressedekninga av Høiby-saka, Frosta-saka og Ingebrigtsen-saka. Konklusjonen i kapittelet mitt er at omvend undervisning eignar seg godt for å formidle juss til journalistikkstudentar, utdjupar Lexerød Hovlid.
- Les også: Studenter vurderte PFU-saker
Juridiske avgjerder i sosialt arbeid
Kapittelet som Egil Arne Standal har skrive i den nye boka, handlar om undervisning til studentar som går på bachelor i sosialt arbeid for å bli sosionom eller barnevernspedagog.
– Desse studentane skal ut i yrkeslivet. Der skal dei ta avgjerder på grunnlag av juss i saker som har stor innverknad på folk sine liv, både når det gjeld tvang og tildeling av offentlege ytingar. Dei må difor ha kunnskap om korleis dei skal gå fram når dei skal ta juridiske avgjerder og anvende juss – altså juridisk metode, forklarer han.
I artikkelen sin har Standal sett på erfaringane fagmiljøet i Volda har gjort med ei omlegging av undervisninga til ein meir kasusbasert metode i 2021.
– Eit sentralt resultat er at det har blitt klarare at studentane har vanskar med å forstå dei ulike elementa i lovtekst. Undervisningsopplegget må difor ta sikte på at studentane i tilstrekkeleg grad får øve seg på å finne, forstå og bruke nøkkelord og nøkkelomgrep i lovtekst, seier Standal.
Kvalitet i undervisninga
Ingvild Sande Lillebø, som ved årsskiftet fekk prisen for utdanningskvalitet ved HVO, har skrive eit kapittel om utvikling av undervisningskvalitet i dei juridiske emna innan bachelorprogrammet i samfunnsutvikling på IPAS. Erfaringane ho skriv om, stammar frå den tidlegare HVO-bachelorgraden i planlegging og administrasjon, no heiter samfunnsutvikling.
– Mange av desse studentane skal også vere rettsanvendarar slik som Egil Arnes studentar i sosialt arbeid. Våre studentar jobbar tverrfagleg, og studieprogrammet gir innsikt i juridiske, økonomiske og samfunnsvitskaplege tema som er relevante for samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling, seier Lillebø.
Ho har teke utgangspunkt i eitt emne og sett på korleis modellen for designtenking kan fungere som ei ramme for å forbetre undervisningskvaliteten i utdanninga.
– Sentralt i arbeidet er samspelet mellom student og undervisar i undervisnings- og læringsprosessen. For mitt arbeid har dette omfatta dialog, problemløysing, tilbakemelding og rettleiing der begge partar lærer av kvarandre. Eg viser også til nokre døme på læringskonsept. Artikkelen gir nokre didaktiske refleksjonar om undervisning til akkurat denne målgruppa, altså studentane på studieprogrammet vårt, forklarer Lillebø.
Volda tek over stafettpinnen
Den nye vitskaplege antologien om juss for ikkje-juristar blir lansert med ein konferanse i Oslo torsdag 12. juni.
– Eg meiner dette prosjektet og denne boka er viktig fordi det er første gang det blir retta søkjelys spesielt mot undervisning for studentar som ikkje skal bli juristar. Det er ein del skilnader mellom å undervise juss for jusstudentar og juss for andre studentar. Det gjer at ein må tenkje litt annleis og kanskje leggje opp undervisninga på ein annan måte, seier Lexerød Hovlid.
Under konferansen blir det også oppretta eit nytt fagnettverk, og HVO-juristane skal ta over stafettpinnen ved å arrangere ein konferanse om same tema i 2027.
– Det er kjempebra at redaktørane av denne boka har teke initiativ til ein nasjonal diskusjon om desse temaa, og eg gler meg veldig til konferansen. Eg gler meg også til å få vidareføre dette initiativet og arrangere konferanse i Volda i 2027. Vi har etter kvart blitt mange juristar ved HVO, og vi har til saman mykje erfaring med å lære bort juss, avsluttar Ellen Lexerød Hovlid med tilslutning frå HVO-kollegaene og medforfattarane Egil Arne Standal og Ingvild Sande Lillebø.
