Verdspremiere på Maria Parr under Festspela-fagdag
Litteraturoppleving var temaet då Festspela pangstarta med fagdag på høgskulen 12. juni, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret – og opplevingar blei det!

Maria Parr les med stor innleving medan Åshild Irgens illustrerer i sanntid i bakgrunnen. Den prislønte duoen gav skulebarna og Festspela-publikummet ei frydefull litteraturoppleving under fagdagen ved høgskulen.
Årets fagdag på Høgskulen i Volda (HVO) under Festspela handla om litteratur som oppleving.
Dette var eit opent gratisarrangementet under dei nynorske festspela, som er ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur i Aasentunet og nærområdet. Festivalen 12.–15. juni blei også ei ekstra staseleg markering av 25-årsjubileet til Aasentunet i 2025.
På fagdagen inviterte Nynorsk kultursentrum (som driv Aasentunet), Nynorsksenteret og HVO til ein heil dag med litterære føredrag og opplevingar.




Formidla frå neste «Oskar og eg»-bok
Publikum på fagdagen fekk kome tett på mellom andre årets festspeldiktar Marit Kaldhol, som las dikt i høgskulebiblioteket saman med forfattar Thor Magnus Tangerås.
Ein programpost det knytte seg mykje forventning til, var radarparet Maria Parr og Åshild Irgens, som baud på ein frydefull verdspremiere frå neste «Oskar og eg»-bok.
Gjennom karakteristisk høgtlesing og fascinerande live-teikning fanga suksessduoen eit glisande og humrande publikum av både festivalgjengarar og barneskuleelevar.
I samtale med Heidi Fagna frå Nynorsksenteret gav Parr og Irgens eit innblikk i korleis dei samskaper leseopplevinga i augehøgda til barna. Mellom anna fekk vi eit glimt frå boka der Irgens har teikna Oskar og Ida ete krone-is på ei trapp.
«Kva skjer her?» spurde Fagna.
«Ingenting. Og det er det som er så fint», smilte Parr.






Barneboktipset og mangfaldige føredrag
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskte Festspela velkommen til høgskulen ved å dele barndomsminne om å vere oppslukt av den magiske leseopplevinga bortanfor tid og stad:
«Eg hugsar spesielt ei natt då eg fann ei bok som var så spennande at eg las heile natta. Eg låg under dyna med lommelykt og las – og las – og las. Då morgonen kom, var eg både stolt og heilt utsliten. Den natta lærte eg noko viktig: at ei god bok kan vere like oppslukande som ei reise, og at litteratur kan gripe tak i deg og halde deg fast – på godt og vondt.»
«Litteraturen er ikkje pynt, men ein grunnmur. Og litteraturen kan også vere ein veg inn i ein fellesskap», helste styremedlem Janne Nygård i Nynorsk kultursentrum.
Elevane som var med, klasse 5 B ved Øyra skule, har etter kvart blitt røynde barneboktipsarar gjennom podkast-prosjektet til Nynorsksenteret, og dette fortalde Fagna og kollega Ingvild Myklebust Hovden meir om.
Publikum fekk også høyre føredrag ved Kaldhol og Tangerås etter diktlesinga i biblioteket. Frå HVO tok elles Marit Brekke føre seg litteraturundervisning i ungdomsskulen, medan samlesing som metode blei demonstrert av Guro Kristin Gjøsdal.
