Høgskulens adventskonsert

Tradisjonen tru ynskjer musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda vel møtt til adventskonsert i Volda kyrkje tysdag 27. november, kl.19:00.

 

På programmet som varer om lag ein time står ulike musikalske innslag med høgskulekoret, ulike ensemble og enkeltstudentar som tek årsstudium eller bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. I år kan vi mellom anna by på spennande arrangement med austleg inspirasjon, flott solosong og eit knippe kjende julesongar.

 

Konserten er gratis og er dermed ei gåve frå musikkmiljøet ved Avdeling for kulturfag til alle som vil ha ein stemningsfull førjulskveld i Volda kyrkje.

Del på