Til Kenya for å praktisere sosialt arbeid

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det er ein populær del av sosialutdanningane at ein 3. året har tilbod om å ta praksisen i utlandet. Det er ulike årsaker til at studentane vil reise, og i førekant er det viktig å vere godt førebudde. Hilde og Ingard skal saman med tre medstudentar arbeide på ein barneheim i Nakuru, som er drive av barnevernorganisasjonen Child Welfare Society of Kenya (CWSK).

- Det var i fjor haust eg bestemte meg for å reise. Vi var tre studentar som snakka om det, og tilslutt vart vi ei gruppe på fem. I klassa har vi tre kenyanske studentar som har formidla kulturen sin på ein flott måte. Vi som skal reise er i forskjellige aldrar, kvinner og menn, fortel Hilde med eit smil.

- Eg har alltid ønska å reise til Kenya. Eg kjente Hilde frå studiet og så vart det slik, seier Ingard.

IMG_8406_magasin

Ingard og Hilde ser fram til praksisopphaldet i Kenya, og nytter tida til å førebu seg.

Hopp i det

Dei er einege om at det er spennande å kunne ta praksisen i utlandet.

- Det er ein sjanse i livet, og eg visste heile vegen at det var mogleg med utveksling. Vi reiser 15. september, og skal vere der i om lag tre månadar. Eg har familie heime, men sonen min er vaksen og klarer seg sjølv. Eg fekk støtte frå dei heime til å reise, og ingen er bekymra. Ein må berre hoppe i det, seier Hilde.

- Sosialutdanningane har eit godt rykte, og eg hørte frå andre at det var gode studium. Eg er sjølv fornøgd med valet som sosionomstudent i Volda. Mor vart litt bekymra då eg fortalte eg skulle til Kenya, men far er gira og backar meg opp. Eg har ei søster i Oslo og ein bror som sjølv har vore i Kenya , og dei ønskjer begge å vere med, fortel Ingard.

Utfordringar ivente

Det er populært med praksisopphald i utlandet, og i år er det 22 kandidatar som får reise til Kenya, India, Wales, Danmark og Sverige. Hilde og Ingard ser fram til å lære om andre samfunnsforhold og sosialt arbeid på ein annan måte enn i Noreg.

- I Kenya er dei avhengige av donasjonar for å drive sosialt arbeid, medan vi her i Noreg er finansiert av staten. Eg gler meg til å sjå landet og samfunnet med eigne auge, og ikkje berre det vi får presentert gjennom media, seier Hilde.

- Eg har hatt ein draum om Afrika sidan eg var liten. Eg kjenner nokon som har vore misjonærar der, og dei har fortalt mykje interessant. Det er også ei unik moglegheit til å studere og reise. Det faglege utbyttet blir nok litt annleis i Kenya, og eg trur vi raskt får henta erfaringar. For meg var det ikkje eit val om å reise – det har vore klart heile vegen. Eg trur på stor eigenutvikling og at vi lærer mykje om det å vere medmenneske og eigne tankar. Vi får i tillegg ei unik kompetanse i møte med bistandsarbeid, seier Ingard.

Den siste tida har gått til førebuing. Studentane må ordne med papir, vaksiner, pass og det er ein fordel å vite ein del om landet ein skal reise til.
- Vi har googla mykje den siste tida, og vi som skal reise er mykje saman. Det er ein stor forskjell i alder. Vi er to ”mødre”, to unge jenter og Ingard. Det er ein god miks, som kan by på utfordringar, ler Hilde.
- Forventningane er store. Det er viktig at vi fem som reiser blir godt kjent, for då blir utgangspunktet for eventuelle situasjonar og konfrontasjonar enklare. Det er viktig å reflektere og vise omsyn til kvarandre. Det kan bli utfordrande for meg som einaste mann. Eg visste frå før at sosialsektoren er nok så kvinnedominert, og eg har gått mykje saman med damer. Eg vil nok sakne å ha ein annan gut der, men vi er berre tre i klassa og vi skal til kvart vårt land, seier Ingard.

Gler seg

Studentane må igjennom eit intervju før dei får reise, og det for å sikre at dei er motiverte og klar over utfordringane.
- Vi treng ikkje ha med så mykje, for ein får tak i alt ein treng der nede, seier Hilde.
- Vi må dusje i kaldt vatn og gå utan parfyme, svarar Ingard
- Det går heilt greitt. Du må ikkje vere pingle, svarer Hilde tilbake.
- Eg har mine behov, ler Ingard, - men det blir gøy og er gler meg!

Dei to snakkar om utfordringar dei trur kjem, og at dei truleg vil oppleve eit antiklimaks.
- Det blir nok eit kultursjokk. Eg var i Estland for litt sidan, og berre der var kontrastane til Noreg store. Ein får eit nytt perspektiv på kor godt vi har det her heime. Vi har fått anbefalt å snakke saman før returen til Noreg, og eg trur det er eit godt råd for å samle tankar, opplevingar og inntrykk, seier Ingard.
- Eg kjem nok heim med ein heil ungeflokk, og trur at den store utfordringa blir å reise der i frå! Det blir nok vanskeleg å skjønne at ein ikkje kan hjelpe alle. Eg er glad vi får tid til å tenke over dette no, og at orienteringane kjem i små doser. Det er godt å kunne snakke saman og eg gler meg verkeleg. Tenk så heldige vi er, avsluttar Hilde.

Her kan du lese meir: Populært med praksisopphald i utlandet

Del på