Biblioteket – både sosialt og læring for studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ein stad å kunne senke skuldrane, ta ein kaffi, lære med og av andre, få hjelp av flinke bibliotekarar eller nyte stillheita medan du les – bli med inn i biblioteket og sjå alt dei har å tilby studentane i Volda!

Biblioteket ved Høgskulen i Volda er så mykje meir enn rekker med reolar der tusenvis av bøker står plassert. Det er ein møteplass for studentar – der smil og latter (ikkje høglytt over alt) går hand i hand med studiar, kollokviegrupper og eksamensførebuingar.

– Vi liker å kalle biblioteket den tredje staden: ikkje ute, ikkje heime. Her kan du berre vere, åleine eller saman med andre, seier Mariann Schjeide, biblioteksjef ved Høgskulen i Volda.

Liv og røre heile tida

Ja, og det er nettopp det dei har fått til på biblioteket. Det er koseleg. Med behagelege møblar, grøne plantar i kvar ein krok og tilsette som ønsker deg varmt velkomen. Mykje av biblioteket er pussa opp og ser svært så innbydande ut!

Og det er nesten alltid lys der inne, tidleg på morgonen og seint på kveld, ja faktisk heilt til midnatt. For som student ved høgskulen har ein tilgang til biblioteket i tidsrommet 07.00 – 24.00. I ein god del av tida er det bemanna og ein kan få hjelp i skranken, i resten av tida er det sokalla meirope som betyr at ein må ha med studentkortet for å kome seg inn.

Det er ikkje sjeldan ein høyrer studentane skryt av kor kjekt det er å vere på biblioteket og at det er dit dei dreg når dei både skal ha det kjekt og få ting gjort med skulearbeid.

 


Besøk nettsidene til biblioteket her.


Kurs og hjelp med skule

Biblioteket tilbyr fleire kurs som heile klassar kan vere med på. Det kan vere kurs som kurs i studieteknikk og kurs i akademisk skriving. I samarbeid med Studentsamskipnaden i Volda tilbyr biblioteket eit ta ordet-kurs.

Kvar tysdag og torsdag 11.30-14.00 kan studentar få hjelp med litteratursøk og kjeldebruk (APA 7) ein og ein i rettleiingsskranken i biblioteket. Der kan du også få enklare oppgåvehjelp. Ingen spørsmål er for små og ingen for store der.

Under Eksamensboost, som er et ekstra tilbud for studentene på campus hver vår og høst før eksamen, tilbyr biblioteket gjerne enda litt flere kurs og aktiviteter.

For masterstudentar, stipendiatar og tilsete ved høgskulen er det mogleg å låne ein bibliotekar, og da få "eigentid" med ein bibliotekar som vil hjelpe med det ein måtte ha behov for innan litteratursøk.

I tillegg tilbyr biblioteket læringsvideoar, eksempelsamlingar, nettkurs og mykje meir hjelp når ein skal skrive oppgåver. Sjekk det ut her.

Følg biblioteket på YouTube, Facebook og Instagram.

Grupperom og lesesal

I biblioteket har ein 6 romslege og praktiske grupperom som berre studentane kan booke. Totalt er det godt over 20 grupperom på heile høgskulen for studentar.

Her møtast studentar for å arbeide med skule i lag, anten det er å gå gjennom pensum saman, skrive oppgåver, diskutere fagleg eller det dei måtte ønske. 
 

Studenter på arbeidsplasser i biblioteket


Det er også mange arbeidsplassar i ope landskap, i soner der det skal vere stille og i soner der ein kan prate med innestemme.

Ønsker ein å høyre knappenåla falle i golvet og så nær total stillheit ein kjem er målet, er lesesalen på biblioteket staden. Der skal det vere mogleg å konsentrere seg og få lesinga og jobben gjort for alle. 

Og nesten det best av alt, biblioteket har fått nye møblar over alt; på lesesalen, masterlesesalen og og lokalet elles.

Læringsverkstaden

Læringsverkstaden er staden om du lurer du på noko om digital undervising eller bruk av ulike ressursar i digital eller fysisk undervising og i oppgåvearbeid. Dei held til i biblioteket og har altså sin eigen verkstad der. Læringsverkstaden tilbyr digitale og fysiske kurs og opplæring knytt til fagspesifikke ressursar og fellessystem ved HVO.

Her kan du få lære om prøve ut 3D-skriving, programmering, VR-briller. I studio i andre etasje på biblioteket kan du prøve ut gaming, greenscreen og podcast. Ikkje nøl med å ta kontakt, dei står klar til å hjelpe deg.

Del på